Drapssikta har vedgått å ha slått offeret – er fengsla i fire nye veker

REKONSTRUKSJON: Her frå rekonstruksjon på drapsåstaden i Florø.

REKONSTRUKSJON: Her frå rekonstruksjon på drapsåstaden i Florø. Foto:

FLORØ: Mannen i 20-åra som er sikta for drapet på ein 40 år gammal mann i Florø er no varetektsfengsla i fire nye veker. Det har Bergen tingrett avgjort onsdag.

DEL

Bergen tingrett bestemte onsdag morgon at mannen kan sitte varetektsfengsla i inntil fire nye veker.

– Retten finn at sikta med skjellig grunn framleis kan mistenkast for ein straffbar handling som kan medføre høgare straff enn fengsel i seks månader, jf. straffelova §275 om drap, som beskrive i siktinga, står det å lese i fengslingsavgjerda.

Sikta har vedgått å ha slått den avdøde mannen med ein gjenstand, og det har ikkje komme nye opplysningar i saka som har svekka mistankegrunnlaget mot sikta.

– Retten vinn vidare at vilkåra for varetektsfengsling er til stades etter straffeprosesslova sine paragrafar om bevisforspillelsesfare, står det i rettsavgjerda.

Påtalemakta fryktar at den sikta mannen i 20-åra skal kunne påverke forklaringa til den medsikta mannen i 40-åra, som no er lauslaten frå varetekt.

– Retten er framleis av den vurdering at sikta har moglegheit til å påverke medsikta si forklaring om sentrale delar av hendingsgangen, og at det er overvegande sannsynleg at sikta vil benytte seg av denne moglegheita dersom han blir lauslaten.

Han kan dermed sitte varetektsfengsla fram til 18. september.

Artikkeltags