Drapssikta 40-åring blir fengsla i fire veker

I RETTEN: Politiadvokat Inger-Lise Høyland.

I RETTEN: Politiadvokat Inger-Lise Høyland. Foto:

Av

Det var fengslingsmøte i Sogn og Fjordane tingrett fredag.

DEL

40-åringen vart ført rett frå avhøyr til fengslingsmøte fredag ettermiddag. Fengslingsmøtet vart gjennomført bak lukka dører og varte i underkant av ein halv time. Sjølve avgjerda om fengsling blir ikkje klar før seinare fredag ettermiddag eller kveld. Det melder Firda.

– Vi har gjennomført avhøyr av 40-åringen i dag, og planlegg nye avhøyr av begge dei to som er sikra i saka, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland til Firda.

Fengslingsmøtet gjekk for lukka dører, og det er referatforbod frå møtet.

Oppdatert: Fredag ettermiddag vart det klart at Sogn og Fjordane tingrett gir politiet medhald. Mannen blir fengsla i fire veker, med brev og besøksforbod. Dei to første vekene skal han vere i full isolasjon. Mannen vil ifølge advokat Ivar Blikra ikkje anke avgjerda.

Isolasjon er viktig for politiet for å ha kontroll på informasjonen før nye avhøyr.

To veker isolasjon er det meste ein kan krevje i første fengslingsmøte. Høyland meiner dette er viktig for å unngå at den sikta tilpassar forklaringa si til det han får høyre frå andre eller gjennom aviser.

– Ei drapssak er noko av det mest alvorlege vi har. Med to sikta er faren for øydelegging av bevis og å samordne forklaringa stor, forklarer Høyland om det strenge isolasjonskravet.

Mykje arbeid står att

Høyland vil ikkje seier noko om innhaldet i dagens politiavhøyr:

– Men i det at vi har tatt ut sikting og bedt om fengsling, ligg det at vi meiner det er sannsynsovervekt for at han har noko med drapet å gjere, seier Høyland.

Ho strekar under at retten ikkje har gjort fengslingsvedtak endå, og legg til at politiet framleis har mykje å gjere.

– I dag har vi hatt kriminalteknikarar på åstaden igjen, og dei vil halde fram den neste veka. Vi skal også kartlegge bevegelsane til både dei sikta og den avdøde, seier ho.

I tillegg skal politiet gå gjennom og analyse eit stort materiale. Mellom anna skal dei sjå på kven som har kommunisert med kven og analysere DNA-spor.

– Men i helga skal vi i hovudsak gjennomføre fleire vitneavhøyr, seier Høyland.

To er sikta

Det var torsdag politiet informerte om at dei hadde arrestert nok ein mann i drapssaka i Florø. Den 40 år gamle mannen var inne til vitneavhøyr, då politiet kobla informasjonen han då gav, med informasjon dei allereie hadde, og bestemte seg for å sikte han for drap eller medverknad til drap.

Torsdag dreiv politiet med åstadsundersøkingar i den nye sikta sin bustad, og hadde sperra av ei rekke søppelkasser med polititape.

Dei tre mennene; drapsofferet (40), og dei to sikta (22) og (40), er alle norske statsborgarar, busett i Florø, og dei kjenner kvarandre.

Drapet skjedde tysdag denne veka. Politiet mottok ei bekymringsmelding, og reiste ut til eit husvære i Florø for å sjekke. Der fann dei ein bevisstlaus mann (40). Det vart forsøkt gjenoppliving, men etter 40 minutt vart mannen erklært død av helsepersonell.

Seinare same dag vart ein mann (22) arrestert og sikta for drap.

    Foto: Arne Hjorth Johansen

     

     

     

    Artikkeltags