Skal rekonstruere drapet i Florø

Linda Regina Bruvik

Linda Regina Bruvik

Politiet planlegg no ein rekonstruksjon på åstaden for drapet i Florø.

DEL

Det seier politiadvokat Inger-Lise Høyland til NRK. 

– Ein rekonstruksjon vil lette forklaringa for dei sikta, lettare plassere dei involverte og betre forklare hendingsgangen kronologisk, seier Høyland.

Rekonstruksjon er enten eit avhøyr på åstaden, eller på ein liknande stad med same storleik og innreiing. Høyland meiner at ein rekonstruksjon vil vere viktig både for dei sikta og for politiet.

Politiet meiner no å ha eit bilete av kva som har skjedd både i forkant, under og etter drapet. Men dei vil ikkje seie noko om det, av hensyn til etterforskinga.

Går etterforskinga som planlagt kan saka komme opp for retten mot slutten av året.

Advokat Frode Sulland forsvarer 22-åringen som først vart sikta for drap. Sulland seier til NRK at klienten hans er positiv til å vere med på ein rekonstruksjon.

– Men det er avgrensa kva ein rekonstruksjon kan bidra med utover forklaringane i saka. Dette er meir eit spørsmål om politiet sitt ønske, seier Sulland til NRK.

Artikkeltags