Drapsmannen var psykotisk

DEL

Mannen som i november i fjor blei arrester og sikta for å ha tatt livet av ei 51 år gammal kvinne med kniv har vore gjennom ei rettspsykiatrisk vurdering. Der har dei kome fram til at mannen var psykotisk.

Det skriv NRK Vestland.

Den 27 år gamle mannen har innrømt sjølve drapet, og har sitte varetektsfengsla sidan den gong. Det kjem han til å halde fram med inntil vidare.

På grunn av alvoret i saka er mannen varetektsfengsla i nye åtte veker.

Politiet reknar med at etterforskinga av saka vil vere ferdig i løpet av våren.

Artikkeltags