Natta før drapet skremte den no drapssikta mannen folk i nabolaget – politiet ville ikkje komme

FLORØ: Allereie natt til fredag var politiet i kontakt med mannen som no er sikta for drap. Då hadde han skremt folk i nabolaget nær drapsåstaden. Han skal ha sprunge etter ei heimehjelp, og forsøkte å ta seg inn i ein privatbustad. – Ein framand mann røska i døra og ville inn. Han sa han hadde fått eit kall.