Dragkampen mot nedlegging av industri og landbruk

Omn 5 ved Elkem Bremanger.  Ein operatør rakar i produkta frå omnen.

Omn 5 ved Elkem Bremanger. Ein operatør rakar i produkta frå omnen. Foto:

Av
DEL

Debatt Arbeidsplassane i den kraftkrevjande industrien, har fått ein ny trussel mot seg. Det rammar Høyanger, Svelgen og Årdal. Det er den auka nettleiga som er framprovosert av bl.a. politiske vedtak og profitt-tenking i kraftbransjen. Dei underliggjande politiske problema, er dei økonomiske kostnadane med krafteksportkablar, monsterlinjer, elektrifisering av olje-/gassektoren og vindkraftutbygginga.

Vindkraft vil vi ikkje ha meir av fordi det allereie er øydelagt nok natur, miljø, friluftsliv og allemannsrett. Elektrifisering av olje-/gassutvinninga har ingen miljøeffekt – einaste forskjellen er at olja/gassen blir forbruk/brent i utlandet. Utsleppa blir dermed flytta ut av norsk miljørekneskap.

Alt dette har kosta pengar, og rekninga er sendt til distrikta, men også til forbrukarane og arbeidsplassane, der dei minste er dei som får mest problem med rekninga. Hydro Høyanger er det minste aluminiumsverket i landet, og kostnaden med auka nettleige, er meir drepande her enn på det mange gongar så store al-verket på Sunndalsøra.

Men sentralstyresmaktene og eit høgre-orientert stortingsfleirtal sine feildisponeringar stoppar ikkje her. Samferdsleinvesteringane er snart dobla i forhold til nivået under AP/SP/SV. Det kunne ein ha gleda seg stort over, dersom pengane hadde gått rassikring og utbetring av kommunikasjonane i distrikta, men slik er det ikkje. Det vil bl.a. ta fleire tiår før dei mest utsette vegstrekningane i Sogn og Fjordane er gjort noko med.

Raudt meiner at det som i staden for må til, er at verdiskapinga og samfunnkapitalen blir styrt i retning gjenreist industrialisering og gjenreist jordbruk. Gjenreising av industrien er for oss først og fremst auka foredling av råvarer, anten det er snakk om fisk, landbruksprodukt (mat og skog) eller metall. Gjenreising av jordbruket er arbeid for auka sjølvberging, gjennom ei utnytting av utmarksressursar som elles berre gror til.

Vi er sikre på at mange er einige med oss i desse synspunkta, men stiller det naturlege spørsmålet: Er det mogleg? Svaret er nei, med det stortingsfleirtalet vi har no. Dette må endrast på ved stortingsvalet i september om eit års tid. Raudt ligg an til å bli langt større enn «berre» Moxnes når stadig fleire har sett kor viktig det er med eit parti som trekkjer i den raude enden av tauet. Der ligg den største forskjellen.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken