Gå til sidens hovedinnhold

Dømt til tvunge psykisk helsevern for drap i Florø

Mannen som var tiltalt for drapet på ei kvinne frå aust-europa i Florø i November har no fått dommen.

Det var i november 2019 at ei austeuropeisk kvinne på besøk i Florø blei funne død i ei ein leilegheit i Florø. Kvinna mista livet som følge av knivstikking, og ein mann i slutten av 20-åra blei arrestert og sikta for drapet.

Rettssaka starta i Sogn og Fjordane tingrett måndag for ei veke sidan, og no er dommen klar, skriv BT.

Ifølge dommen skal mannen ha vore i eit forhold med sonen til den avlidne. Han skal ha endra åtferd på vårparten i 2019, og utviste ifølge dommen psykotiske symptom.

Til sakkunnige har mannen forklart at han følte seg angripen av kvinna.

Etter drapet skal mannen ha kutta seg sjølv i buken. Det var for å vise at handlinga var i sjølvforsvar, har han seinare forklart.

Mannen er no dømd til tvunge psykisk helsevern. Det er aktor Eirik Stolt Nielsen fornøgd med. Til BT seier han at dommen er i samsvar med påstand, og står fram som riktig.

Les også

Saka mot drapstiltalt startar i dag

Kommentarer til denne saken