Må sone i 45 dagar for å ha spytta på og prøvt å bite politibetjentar, og å ha truga dei med hemn.

FØRDE: Mannen er og dømd for narkotikabrotsverk.

DEL

Ein mann i 40-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for fleire tilfelle av trugslar mot politimannskap i teneste.

Under ei pågriping i fjor, skal han ha sagt til politibetjentane at han skulle hugse ansikta deira og ta hemn. Seinare skal han ha sagt at han skulle hugse politibetjenten som var med han, finne han på fritida og knuse han. Ved ein pågriping i år, kalla han politibetenten som sette han i arrest «ei fitte».

Mannen er samstundes dømd for fleire tilfelle av bruk og oppbevaring av narkotiske stoffer. Han skal ha oppbevart fem gram hasj og brukt GHB og/eller liknande stoff. Han er også dømd for eit tilfelle av vald mot ein annan person.

Han skal ha vore rusa i gjerningsaugeblikka. Mannen har slite med rus sidan han var svært ung, og er to gonger tidlegare dømd for vald og truslar, og har ei rekke gonger blitt bøtlagd. Mellom anna for narko.

I tingretten sa mannen seg skuldig i alle Han skal ha vore rusa i gjerningsaugeblikka.dfpunkt.

Artikkeltags