Mann må betale 55.000 i bot og misser retten til å køyre bil i tre år, etter å blitt teken med 0,56 i promille

Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Men slepp sone.

DEL

Ein sunnfjording i 60-åra er no dømd for tredje gong for køyring medan han var rusa, etter at han i sommar vart teken med 0,54 i promille. Han er domfelt to gonger tidlegare for ruskøyring.

Dersom du blir teken med over 0,5 i promille for andre gong, risikierer du i utgangspunktet å måtte sone. Sunnfjordingen er dømd to gonger tidlegare for det same, og han vart teken i eit område med mykje trafikk, så i utgangspunktet risikerte han fengselsstraff utan atterhald. Men i Sogn og Fjordane tingrett sa mannen seg skuldig etter tiltalen. Promillenivået denne gong var heller ikkje så mykje over 0,5. Det, og at dei tidlegare dommane er gamle, gjer til at retten gav mannen ein mildare straff. Han vart dømd til fengsel i 26 dagar, men straffa vart utsett med ei prøvetid på to år.

Han vart også dømd til å betale ei bot på 55.000 kroner, og han misser også retten til å køyre bil i tre år. Han må også gjennomføre ny førarprøve før han får lappen attende.

Artikkeltags