Må betale 100.000 kroner i bot etter promillekøyring

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Misser førarretten i eitt år.

DEL

Ein mann i 50-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for promillekøyring, etter å ha blitt stoppa under ein promillekontroll av politiet. Den etterfølgande blodprøva ei halv time etter køyringa viste ei promille på 1,04.

To år tidlegare vart mannen bøtlagd for å køyre med ei alkoholpromille på 0,38. Dersom ein tidlegare er teken eller dømd for promillekøyring, går straffenivået normalt sett opp. Og dersom ein i det nylege tilfellet blir teken med promille over 0,5, reagerer retten vanlegvis med fengselsstraff. Men i tilståinga i Sogn og Fjordane tingrett opplyser mannen at han har slite med sterk depresjon og ei kjensle av håpløyse, og at dette gjorde at han drakk før han sette seg bak rattet denne aktuelle kvelden. Sogn og Fjordane tingrett valde difor å utsette fengselsstraffa med ei prøvetid på to år, i staden for å dømme han til fengsel utan atterhald i 18 dagar slik ein normalt sett ville gjort i slike saker.

Men mannen må betale ei ikkje ubetydeleg bot for promillekøyringa. Bøtesatsen for køyring i påverka tilstand er normalt sett 1,5 gangar brutto månadleg inntekt. Berre i sjeldne tilfelle er bøtene på under 10.000 kroner. Med bakgrunn i dette, må mannen betale ei bot på 100.000 kroner for promillekøyringa. Mannen misser også retten til å køyre bil i eitt år. Han må også avlegge ny førarprøve for å få sertifikatet attende.

Artikkeltags