Knuste etsande væske utover golvet på legekontoret. Vart frifunnen i tingretten.

FYLKET: Det farlege stoffet var ikkje låst inn.

DEL

Ein mangeårig rusmisbrukar i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 45 dagar i fengsel, men slepp sone med ei prøvetid på to år.

Tidleg på sommaren 2017 sat mannen på venterommet til legen, der han skulle behandle eit sår. Han var då upåverka av rusmiddel. Såret blødde, og han byrja difor sjå seg om etter eit plaster eller ein bandasje.

I eine gangen fann han eit ulåst rom som han gjekk inn på. Då bestemte han seg for å sjå om det var noko i rommet han kunne ruse seg på. I eit ulåst skap stod det ei medisinflaske, som han raskt putta i lomma for å komme seg ut av rommet før han vart oppdaga. Han var ikkje klar over at flaska inneheld Fenol, som er ei etsande giftig væske som potensielt kan vere dødeleg.

Mannen gjekk deretter mot toalettet. Tanken var at han ville låse seg inn der for å sjå kva han hadde funne. Men på vegen dit datt flaska ut av lomma og knuste. I Sogn og Fjordane tingrett forklarte han at han kjende ei sterk lukt, og skunda seg difor inn på toalettet for å hente tørkepapir. Han byrja deretter å tørke opp stoffet og fjerne glasbrota på golvet.

Mannen fekk ikkje skader som følge av å vere i kontakt med væska. Og i retten forklarte legen at stoffet ikkje er farleg å puste inn.

Retten streka under at gifta var oppbevart i eit ulåst skap i eit ulåst rom. Men etter denne hendinga har legesenteret endra sine rutinar, for å unngå at dette skjer igjen.

Retten peikar også på at ved å tørke opp gifta med ein gang, så eliminerte mannen risikoen for spreiing. Tingretten frifann mannen for dette punktet.

Men mannen har også tilstått fleire tjuveri. Mellom anna skal han ha stole eit pipenøkkelsett frå ein møbelforretning, ei t-skjorte frå ein klesbutikk og to reinhaldsprodukt frå ei daglegvareforretning. Han skal også ha skaffa seg 1,18 gram amfetamin.

Mannen er dømd og bøtelagd ei rekke gonger tidlegare. Aktor bad i utgangspunktet om fengsel i 6 månader, der 60 dagar er med prøvetid på to år. Men sidan mannen blei frifunnen for det første punktet i tiltalen, ser retten ikkje noko grunn i å gå for den strenge straffa aktor rår til. Dei ser det også som formildande at han har tilstått alt, og at har slite med rus i nær 15 år. Han har også vore under LAR-behandling.

Artikkeltags