Mannen kjempar seg ut av rusmarerittet, får ein ny sjanse av tingretten.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 120 dagar samfunnsteneste etter å ha blitt teken med det retten skildrar som betydelege mengder narkotika. Dette er mannen sin andre dom på kort tid.

Heime hos seg hadde mannen 17 grad amfetamin og om lag 4 gram fleinsopp. Han la alle korta på bordet då saka var oppe i tingretten, og forklara at amfetaminet var til eige bruk. Han hadde ingen intensjonar om å selje det vidare. Fleinsoppen hadde han plukka sjølv.

I utgangspunktet vil dette føre til fengsel i 60 dagar, men mannen har samarbeidd med politiet og retten frå første dag. Han forklara i retten at han har hatt ulike problem med rusbruk, men at han no er kommen til ein korsveg. Særleg har det gått inn på han at rusproblema har ført til at han har mista jobben, og at foreldra er skuffa over han. Mannen har difor oppsøkt hjelp, og at han er svært motivert for behandling.

Sogn og Fjordane tingrett festar lit til mannen sin forklaring, og legg til at soning vil øydelegge for behandlinga. Samfunnsstraff vil derimot kunne verke positivt for mannen, meiner tingretten, ved at han då får orden og struktur på kvardagen. Dermed vart dommen sett til 120 timars samfunnsstraff, eller 45 dagar i soning om vilkåra vert broten.

Artikkeltags