Sunnfjordmann dømd for fyllekøyring. Målinga viste 1,7 i promille

Artikkelen er over 1 år gammel

KRIM: Ein sunnfjording i 30-åra blei i fjor haust teken for fyllekøyring. Litt over ein time etter sjølve køyringa, vart han målt til 1,7 i promille.

DEL

No er mannen dømt til fengsel, og ei saftig bot på 35.000.

Ein time og 25 minutt etter køyringa skal ha funne stad, blei han målt til 1,7 i promille. Mannen blei deretter sikta for å ha ført motorvogn under påverknad av alkohol.

I sitt vitnesbyrd, seier den sikta at han drakk to–tre shots med likør og nokre slurkar øl i etterkant av køyringa. Promillen kan difor ha vore lågare under sjølve køyringeturen, enn det som vart målt i etterkant. Etter vurdering av ulike tilhøve, som vekt og alkoholmengd, har retten komme fram til at den sikta hadde minst 1,3 i promille under sjølve køyringa.

Mannen har blitt tatt for promillekøyring ved to tidlegare høve, då med ein del mindre promille. Dette var med på å skjerpe omstenda rundt dommen denne gongen.

Den sikta tilstod på alle punkt, og blei dømd til 14 dagars fengsel og ein bot på 35.000 kroner. Viss bota ikkje blir betalt, må han sone ytterlegare 15 dagar. Mannen misser førarkortet i 12 månadar.

Artikkeltags