Politiet veit enno ikkje kven som køyrde bilen då tre unge personar mista livet i ein trafikkulykke i Florø. Ingen har status som sikta eller mistenkt.

Det bekreftar politiadvokat Ingeborg Drægebø i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Det var fredag kveld at to bilar frontkolliderte i Florø i Kinn kommune. Tre personar mista livet: Ei kvinne og to menn i slutten av tenårene og første halvdel av 20-årene. I den andre bilen i ulykka sat ein mann og ein kvinne. Dei skal ikkje vere mistenkt etter at de to bilane frontkolliderte og den eine bilen tok fyr.

– Dei i den andre bilen har ikkje nokon mistanke retta mot seg, seier Drægebø.

Politiet opplyser at dei har eit bilde av kva som skjedde, men vil ikkje seie noko meir detaljert per no. Dei har søndag jobba vidare med undersøkingar på ulykkesstaden.

– Kvifor bilen tok fyr er noko dei tekniske undersøkingane forhåpentlegvis vil gi svar på, seier ho til BT.