Tala kjem fram i UAG-rapporten frå Statens vegvesen.

Dødsulykkene på norske vegar var prega av unge trafikantar, manglande førardugleik, ruspåverknad og høg fart, framhevar organisasjonen Ung i trafikken.

– Trass i nokre positive trendar, er det dessverre framleis mykje å ta tak i, seier dagleg leiar Stig Eid Sandstad.

Han trur manglande køyreerfaring og dårleg risikoforståing blant dei yngre sjåførane kan vere ei årsak.

(©NPK)