Mann sikta for drap

SIKTA: Ein mann er sikta for drap etter eit mistenkeleg dødsfall i Florø tysdag.

SIKTA: Ein mann er sikta for drap etter eit mistenkeleg dødsfall i Florø tysdag. Foto:

Politiet har pågripe ein mann og sikta han for drap, etter eit mistenkeleg dødsfall i Florø tysdag.

DEL

Politiet har pågripe ein mann i samband med dødsfallet i Florø tysdag. Mannen er sikta for drap.

- Han blei presentert for siktinga, men det lar seg ikkje gjere å avhøyre han i kveld.

Det seier kommunikasjonsrådgjevar Gry Benedicte Halseth i Vest politidistrikt.

Politiet vil forsøke å avhøyre mannen i morgon, saman med oppnemnd forsvarar, Stig Nybø.

Politiet vil ikkje gå nærare inn på eller kommentere bakgrunn for siktinga før den sikta er avhøyrd.

- Politiet er framleis tidleg i sitt arbeid og av hensyn til etterforskinga er det begrensa kva vi kan gå ut med i kveld, seier Halseth.

Kriminalteknikarar, fleire etterforskarar og påtaleansvarleg har reist til Florø og vil jobbe frå Flora politistasjon.

Innleiande kriminaltekniske undersøkingar starta tysdag kveld i leilegheita der mannen blei funnen, og dei held fram i morgon. Det vert paralellt jobba med vitneavhøyr.

VG har vore i kontakt med forsvararen til den sikta, Stig Nybø. Han stadfestar at han har snakka med den sikta, men vil ikkje kommentere saka utover det.

Artikkeltags