Skal Kinn kommune bestå? Er det ikkje lenger sånn at størrelsen på ei kommune har nedre smertegrense? Når blei mange, mange år med argument for større forvaltningseiningar i Norge kasta på båten?

Kinn kommune er så langt ei suksesshistorie for utvikling av tenestene og stimulering av næringsliv for framtida. Vi er litt under 20 tusen menneske som risikerar utsetjing og det som verre er for heilt naudsynt ny omsorgsinstitusjon, ny barneskule, naudsynt infrastruktur, næringsutvikling og bu- og levemiljø. Senterpartiet i Regjering har tydeleg og stor trong for å vise handlekraft i distriktet vårt. Ein har fått 3 veker på å skaffe kunnskapsgrunnlag og få fram sannsynlege konsekvensar ved ei deling. Så skal folk høyrast og innbyggjarar forventar folkerøysting. Senterpartiet og Raudt lokalt er godt nøgde og sjølv om dei seier seg einige i at fristen er kort, så er refrenget “Dette må vi klare”. Eg meiner, og mange med meg, at det er uforsvarleg kort tid til utgreiing og informasjonsarbeid. Eg meiner det gjer kommuna til ein uansvarleg arbeidsgjevar. Tenk kompetanseflukt, tenk trongen vi har for rekruttering av tilsette, tenk motivasjon. Ei kommune er ei kompetansebedrift.

Styret i Forskningsrådet er kasta og mange forskarar er bekymra for seg sjølv i tillegg til frykta for forskningsprosjekta. Som menig medlem av eit regjeringsparti og lokalpolitiker for Arbeiderpartiet, må eg sei at eg vart veldig overraska over statsråden si handlekraft. Eg er nysgjerrig på kva vi er vitne til. Spenningar mellom fag og politikk er kjend, og dynamikken er også lokalt til å ta og føle på. At fag treng politikk og politikk treng fag er ei sanning. “Til lags åt alle …”. I det eine øyeblikket opplevast politikken som ei god greie, når dine interesser vert møtt, i neste øyeblikk vert ein idiotforklart om interesser ikkje let seg forene.

Senterpartiet sine statsrådar i desse to sakene har tatt avgjerd langt unna alminnelege forventningar til kunnskap og nytten av dialogar før slutningar. Utredningsinstruksen er kanskje kjedelig, men ikkje desto mindre viktig. Eg har ikkje oppdaga at Senterpartiet har forklart sine motiv for å vere så raske og bestemte.

Eg ber Arbeiderpartiet og Senterpartiet i Regjering og Storting om å vise ansvar. Lokalt har jeg gitt opp Senterpartiet i Vågsøy. Nokre representantar driv oppvigleri i kommunestyre og i debattar på sosiale media. Det er verken informert eller ansvarleg. Kunnskapen om politisk ansvar og offentleg administrasjon, tenestelevering, vert formidla frå eit personsentrert og snevert innblikk. Dei er ikkje tillitsmenn/ -kvinner for andre enn motstandarar av kommunesammenslåinga. Det skal ikkje snakkast om kva som kan eller bør skje med den delen som står igjen av Vågsøy. Det er visstnok irrelevant. SP vil altså ikkje ha diskusjon, men vil ha si gamle kommune tilbake.

Må eg minne om at størrelsen på kommuna har betydning for tenestene til innbyggjarane i vår og nærliggande kommuner? Å framstille dette som irrelevant med argument om at innbyggjarar er meir fornøyde i mindre kommunar held ikkje. Vi er fortsatt ei lita kommune og har god plass til fleire. Å igjen verte tre små kommunar her vest, vil redusere handlingsrommet for utvikling og kan bidra til meir fraflytting. I rein fortviling over mangel på fremtidstru her på kysten.

Forskarar finn ny kunnskap, utfyller og korrigerar den eksisterande. Vi kan ikkje ha det sånn at kunnskap vert sett på som bare måteleg viktig eller “pynt”. Dette er ikkje styresmaktene verdig. Nå er forutsigbarheita sterkt trua for forskarar på nasjonalt nivå og for Kinn kommune.

Arbeiderpartiet står for ein grundig, langsiktig og svært gjennomtenkt politikk. Det betyr ikkje at den er resistent for endring. Å gjere seg opp politiske meningar krev at vi også tåler diskusjonar om kunnskapen. Helst om verdiar og haldningar også. Forutsigbarhet er likevel heilt naudsynt for forvaltningen, for politikere og innbyggjarar, lokalt og nasjonalt. Det får være grenser for politisk handlekraft.