Dobbelt så mange søk på hytter på finn.no

Illustrasjonsfoto. Vest-Agder fylke; Skippergaten, rett utenfor Kristiansand. Et yndet område med mange sommerhus og hytter; litt færre mennesker bor her om vinteren.
Foto: Berit Keilen / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto. Vest-Agder fylke; Skippergaten, rett utenfor Kristiansand. Et yndet område med mange sommerhus og hytter; litt færre mennesker bor her om vinteren. Foto: Berit Keilen / NTB scanpix Foto:

Utanriksdepartementet rår på ubestemt tid mot utanlandsreiser som ikkje er heilt nødvendige på grunn av koronapandemien. Då aukar interessa for hytter i Noreg.

DEL

– Dei seinaste vekene har vi hatt dobbelt så mange søk etter dette som på same tidspunkt i fjor, seier Terje Berge, kommersiell direktør i Finn.no Reise til Finansavisen.

Han seier dei forventar svært stor etterspørsel etter feriehus og hytter å leige i Noreg denne sommaren. Ei svekt krone vil truleg bidra til at nordmenn blir freista til å bruke pengane på ferie i eige land. Pia Buen i utleigeselskapet Novasol stadfestar trenden med stor etterspørsel.

Berge seier òg han reknar med at mange av dei som normalt ikkje leiger ut hytter eller hus, vil velje å gjere det i år, for å spe på inntektene. Plassering er det folk søker etter, ført og fremst.

– Vi ser at Nord-Noreg, Lofoten, Sørlandet, Kragerø og Hvaler er dei mest populære fritekst-søka, seier Berge.

Prisane på dei mest populære områda kan liggje heilt opp til 100.000 kroner veka, men av dei 5.000 feriebustadene som ligg ute på Finn no, skal det vere mange alternativ ved sjøen for mellom 15.000 og 20.000 kroner i veka, mange allereie bestilte for sommarferien.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken