Så langt ser det ikkje ut til at reiselivsnæringa får det store innslaget av utanlandske turistar som dei er så vane med, og som så mange av dei er avhengige av. Inntil vidare er det dei norske feriegjestane reiselivsaktørane må satse på, seier dagleg leiar Marita Solheim i Visit Fjordkysten. Og det kan faktisk vere ein fordel for oss her på vestlandskysten.

Aktiv turisme aukar

– Grensene mot Danmark opnar 15. juni, men tradisjonelt er det ikkje så mange av danskane som besøker vår region. Det kan sjølvsagt endre seg, slik situasjonen har blitt, men det veit vi ikkje før sommarsesongen er i gang for fullt. I staden reknar eg med at den norske ferietrafikken kjem til å bli viktig, seier Solheim.

For vi nordmenn har feriebehov som på mange måtar passar med det vi har å tilby her i regionen vår.

– Vi har mange flotte attraksjonar for aktive turistar, der ein kan vandre eller sykle, eller hive seg med lokalbåtane på øyhopping. Her har dei tilgang til mange skjulte kystperler, og dette er absolutt noko som er attraktivt blant norske ferierande: Det er stor interesse for natur- og kulturopplevingar. Folk vil ha opplevingar – spesielle opplevingar, og det har vi mykje av her. Og så ønsker dei kanskje ikkje i så stor grad å feriere i storbyane, men ute i distriktet. Og då er det viktig å promotere det vi faktisk har av tilbod her, seier Solheim.

Synleggjering

Men for å få fleire norske turistar hit, er det avgjerande å kunne synleggjere seg sjølv og posisjonere seg som eit attraktivt reisemål. Visit Fjordkysten jobbar no med å promotere den fantastisk flotte regionen vår, mellom anna gjennom å køyre noregskampanjar i sosiale media, og annonsering i større nasjonale plattformer som VG og Finn.no.

– Ein del av våre medlemsbedrifter har hatt godt med besøk i pinsa, og dei byrjar få ein del bestillingar, spesielt i juli. Men det er klart, her er det store variasjonar. Det er viktig å vere synlege no, med dei tilboda vi har, seier Solheim.

Ho legg til at det er forventa av kundane at reiselivsaktørane har eit sterkt fokus på smittevern, altså at dei følger smittevernreglane og tilrådingane frå FHI. I tillegg bør dei følge bransjestandardane som er utvikla, mellom anna dei som NHO har laga for ulike bransjar.

– Eg rår alle medlemmene våre til å gjere seg kjent med dette, for i år er det forventa blant dei reisande at dei synleggjer smitteverntiltaka, og at bedriftene tek desse på alvor, seier Solheim.

Lokalt i Florø er turistinformasjonen no open, og det vil den vere ut over sommaren. I tillegg vil den ha utvida opningstider frå medio juni til medio august.

– Korleis presset blir på turistinformasjonen er litt tidleg å seie no, og vi veit heller ikkje korleis sesongen blir. Men vi er bemanna og klare.