Dette tenker folk om «Black Friday»
Artikkelen er over 1 år gammel
Heile 52 prosent av Firdaposten sine lesarar har ikkje tenkt til å handle noko i løpet av «Black Week». Men av dei 27 prosentane som skal handle, har ein tredjedel tenkt å bruke over 4000 kroner. Vi tok turen ut i gata for å høyre kva folk tenker om dette fenomenet Norge har henta frå USA. Over dammen er «Black Friday» ein årleg handledag som finn stad dagen etter Thanksgiving. Den eldste bruken av uttrykket kan sporast tilbake til ei avis frå New York i 1961.
Du har nå sett Dette tenker folk om «Black Friday»