Dette forventar dei å måtte gjere

    Sjå kva som møtte røykdykkarane frå Flora brannvesen i Skatestraumtunnelen.

    Artikkelen er over 4 år gammel

    Sjå videoen som får Statens vegvesen til å forvente månadsvis med arbeid i Skatestraumtunnelen.

    DEL

    Då røykdykkarar frå Flora brannvesen tok seg inn Skatestraumtunnelen før helga filma dei det dei såg. Bilda viser at tunnelen har fått store skadar etter eksplosjonen førre onsdag. Mellom anna har den sterke varmen gjort at delar av tunnelen må vass-sikrast på nytt.

    Når politiet no varslar at dei vil fjerne tankbilhengaren i dag håper vegvesenet at dei får komme inn så snart som mogleg for å kartlegge skadane.

    Svært mykje sot

    – Det første vi vil gjere er å prøve å få oversikt. Eg skal vere litt forsiktig med å seie noko om kor lang tid det vil ta, men eg håper at vi kan gje heilt grove overslag på skadeomfanget i løpet av veka. Når vi veit meir om omfanget kan vi bli meir konkrete bår det gjeld omfanget av tid før tunnelen kan opnast att, seier Eivind Yttri, fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

    – Då blir det med førehald at vi har fått med oss alt, legg han til.

    – Nummer to blir å sikre at pumpesystemet fungerer, så ein ikkje får uventa utfordringar knytt til det. Og så blir det å begynne å spyle for sot slik at vi kan sjå meir. Steg tre er å jobbe med å vass-sikre tunnelen, seier Yttri.

    BILDESERIE FRÅ TUNNELEN: – Kunne fort blitt eit skrekkscenario

    Betong løsna av varmen

    For å gjere dette legg vegvesenet plater langs fjellveggane. Desse kan vere brannfarlege, og vegvesenet må difor sprute fleire lag med betong utanpå. Det er denne betongen som har losna i delar av tunnelen grunna den ekstreme varmen. Dette kom fram på bilda som røykdykkarane tok.

    I tillegg vil dei jobbe med å sikre det elektriske. 

    – I påvente av politiet prøver vi å sjå litt fram og planlegge kva som trengst av mannskap og utstyr, slik at vi ikkje bruker unødvendig tid, seier Yttri.

    Sidan ulykka skjedde har vegvesenet vore tydelege på at det sannsynlegvis vil det gå fleire månader før tunnelen kan opnast att.

    – Kva vil dette koste?

    – Vi er avhengige av å komme inn og få oversikt. Det kan hende vi kan gje heilt grove overslag på dette i løpet av veka, seier Yttri.

    LES OGSÅ: – Flammane slikka opp etter bilen