Måløy Vekst ser at det er mange små og store tiltak i Kinn sin budsjett- og økonomiplan som kan bidra til auka attraktivitet og bulyst i Måløy. Samstundes fryktar dei at den føreslåtte auken i eigedomsskatt vil få store konsekvensar.

– Både bygging av Skram skule og opprusting av Gate 1 er viktige bidrag til positiv sentrumsutvikling og bulyst. Realisering av Nordfjordbadet vil også vere eit svært viktig bidrag for å styrke attraktiviteten og bulysta i Måløy, skriv Randi Humborstad i Måløy Vekst i ein kommentar til Kinn kommune sitt budsjettframlegg.

– Næringslivet bidreg tungt for å få dette realisert. Vi kan ikkje understreke nok kor viktig dette prosjektet vil vere for å bidra til vekst i næringslivet og styrka befolkningsutvikling i åra fremover, og dette prosjektet må prioriterast så tidleg som mogleg, skriv Humborstad.

Fryktar eigedomsskatten

Ho fryktar auken i eigedomsskatt som dei tre samarbeidspartia Ap, Venstre og Høgre har i sitt budsjettframlegg. Dei tre partia har redusert auken som kommunedirektøren har lagt opp til, men har framleis ein auke:

–Vi er svært bekymra for den enorme auken fleirtalspartia legg opp til i eigedomsskatten Ein auke på 13 millionar kroner allereie i 2021, kombinert med den pågåande retakseringa, vil føre til at både bustader og næringseigedommar i tidlegare Vågsøy vil få både dobling og enda høgare auke. Kombinert med ein betydeleg auke i kommunale avgifter neste år, så vil dette verke negativt på attraktiviteten til å både bu, men også flytte til Måløy, peikar Humborstad på.

Vågsøy-delen av Kinn fryktar ein større auke i eigedomsskatten på grunn av retaksering og harmonisering av skatten i Kinn kommune. Vågsøy har tidlegare ligge ein del lågare enn Flora

Ein anna ppoeng er at nabokommunane er svært offensive på tilrettelegging for tilflytting og busetting, der skatte- og avgiftsnivået er eitt av elementa som blir brukt for å gjere seg attraktive. Ein slik auke i eigedomsskatten som det no blir lagt opp til i tidlegare Vågsøy, vil ikkje berre kunne påverke potensielle tilflyttarar, det kan også forsterke utflytting frå kommunen, meiner ho.

Måløy Vekst og bedriftene i Måløy brukar mykje ressursar på rekruttering og tilflytting, og dei ser også at kommunen har en positiv vilje til å bidra til dette. Men Humborstad fryktar at ein så stor auke i skattar og avgifter vil hindre dei positive effektene ein vil kunne få av dei andre tiltaka.

Betre å auke tilflytting

– Ved å gjere kommunen attraktiv for tilflytting og busetting, så vil ein få auka skatteinntekter i form av personbeskatning og rammetilskot, og dette vil vere ein betydeleg betre måte å auke skatteinntektene på, enn å pålegge næringsliv og innbyggarar store auker i eigedomsskatt. Vi ber difor politikarane om å finne andre måtar å dekke kommunen sine kostnader på enn å auke eiendomsskatten, skriv Humborstad.

Måløy Vekst viser til at næringslivet og bedriftene i Måløy har ein svært positiv utvikling, der ein på tross av krevjande tider opplever generell vekst og optimisme i dei fleste bransjer;

– Om denne veksten skal halde fram, og vi skal kunne hente ut potensialet og moglegheitene for vekst i årene framover, så er næringslivet avhengig av å styrke rekrutteringa av kompetent arbeidskraft. For å lukkast i arbeidet med rekruttering, er vi avhengig av eit samspel med offentlige instanser for å gjøre det mest mulig attraktivt å busette seg og drive næring i Måløy og Kinn.

Samstundes er vekstselskapet svært nøgde med det arbeidet Kinn kommune gjer for å få på plass overordna planar. Dette har vore ein brems for utvikling i tidlegare Vågsøy i mange år.

– Vi vil takke Kinn kommune for det tette samarbeidet vi har hatt for å sikre at vi får på plass planar som ivaretar næringslivet sine behov, samstundes som vi legg til rette for auka attraktivitet, bulyst og busetting.