I gjennom heile livet har eg hatt stor glede av å snakke med eldre menneske. Dei sit inne med mykje kunnskap og livserfaring. Dei siste åra har eg hatt mange samtalar med dei eldre som bur i Svortevik og Standalen, der eg no held på med å samle inn slektsopplysningar, historie og bilete om folket ved fjorden. Eg vil påstå at eg kjenner dette område og folket som både har budd her, og bur her no ganske så godt. Dei eldre her inne har mykje å fortelje.

På høge helar og med flagrande gevantar

Av ei eldre dame i Svortevik, fekk eg høyre denne historia for 8-10 år sidan. Det var ein gang ei ung jente frå Standalen som fekk seg jobb i Florø. Eg meiner å hugse at det var på eit bakeri ho var. Etter at jenta flytta til byen vart ho ganske så snart litt finare på det, med høgare hælar og med flagrande gevantar. Ho hadde på kort tid vorte eit bymenneske.

Ein dag kom det ei eldre dame inn på bakeriet der jenta jobba. Ho stod litt bak dei andre kundane og venta på tur, men let dei andre sleppe føre henne i køa. Jenta bak disken vart brått veldig travel da ho såg kven som stod der – ei enkel gammal landsens dame. Da det vart hennar tur å bli ekspedert vart jenta enda meir hastige og overflatisk, mens ho såg seg rundt.

Dama frå landet snakka til jenta som om dei hadde kjent kvarandre lenge, men ho bak disken gjorde seg fort ferdig og ville ikkje ha noko snakk. Den eldre dama gjekk sakte ut av bakeriet, og vart ståande utafor å gråte. Inne i bakeriet var det nokon som spurde jenta bak disken; « kven var den dama der, kjenner du henne ?» og jenta bak disken i bakeriet svarte; «Det var no berre ei gammal kone frå Standalen».

Alle kjem frå ein stad

Alle kjem frå ein stad, og dei fleste av oss har sine aner frå landsbygda. Eg tenkjer det kan vere bra å minne kvarandre om det, Kva hadde byen vore – utan landsbygda rundt og korleis vil det sjå ut her inne om alle folka her vart borte ?

Vi som bur her i denne utkanten av kommunen, føler oss stadig gløymt og tilsidesett. Vi føler oss som ei byrde. Når pengar skal løyvast og fordelast vert våre prosjekt stadig nedprioritert. Det gjeld naudsynt infrastruktur som straumnett, vegar og breiband og det gjeld noko så basalt som ein skule som ikkje ligg milevis unna. Vi blir ikkje høyrt og vi ser det ganske tydeleg at det blir gjort forskjell på folk her i kommunen. For å seie det på nytt – vi er forferdeleg skuffa.

Unge familiefolk som bur her alt – føler seg ikkje så velkomne i Kinn, og ungdommen som gjerne vil slå seg ned her, lurer på om denne kommunen er ein kommune dei kan flytte attende til etter endt utdanning. Vidare lurer skulebarna våre veldig på kvifor skulen dei går på blir foreslått nedlagt annakvart år.

Det var berre ei gammal kone frå Standalen!

Det var berre ei gammal kone frå Standalen, seier du. Ho betyr ingen ting no heller og snart er også ho borte og gløymt for alltid – og vi syns det er veldig trist at det går an – å ikkje eingong ville vedkjenne seg si eiga mor.