Syns DU det er vanskeleg å bestemme deg for kva for eit parti og personar du skal stemme på ved årets kommuneval – uansett kvar i landet du bur?

Gløym dei nasjonale partia i hovudsak. Sjå på enkeltsaker som betyr noko for deg og sjå kan partia seier om saka.

Sjå på den lokale situasjonen der du bur. Vel etter hjartet og magefølelse i forhold til korleis dagens parti og enkeltpolitikarar har stemt i kommunestyret – og kva partia har sagt i valkampen.

Det er utan tvil utbygginga på Holmaneset som er saka og opptar mange veljarar.

Dette innlegget er skrevet før formannskapsmøte torsdag 07.09.2023, der det ligg an til at planen slik den ligg føre no blir vedteken med overveldande fleirtal.

Der store lagringstankar blir liggjande langt nord på Storholmen med utskipingskai på vestsida av Storholmen, det blir og et flammetårn heilt på nordspissen av Storholmen. Det er ikkje vilje for å la område vest av neset det som er dei 3 holmane og tilhøyrande område framleis vere NLF område og såleis bli skåna for inngrep.

Utbyggar Norway Fortescue Future Industries (FFI) har kjøpt på spekulasjon om at det skal bli omregulert frå NLF område til industriområde, dei må ikkje forvente at det vil skje.

INP har sagt tydeleg ifrå at ei utbygging av hydrogen- ammoniakk fabrikk går vi i mot, vi er imot utbygging fordi: dette er storulukkebedrift som kjem inn under ei eiga forskrift: storulukkeforskriften, det er eksplosjonsfare og gassutslepp. det er store sikkerheitssoner rundt anlegget som vil bandlegge strandsoner og fiske. Mange har og peika på lysforurensning, og det vil det bli, anlegget blir opplyst heile døgnet. Det er inngrep på natur arter som har stor betydning.

Dette er ei enorm kraftkrevende industri, der ei får ut berre ca. 30 % av energien som blir putta inn. Å bruke reservekrafta i kommunen til dette blir feil og kan føre til at Elken ikkje får den krafta dei eventuelt har bruk for ved utvidelse eller endra bruk.

Er du imot utbygging av Holmaneset har du ei garanti med ei stemme til INP.

Gir du INP ei stemme gir du ei stemme til Nei til utbygging av Holmaneset.

Stem nytt stem INP.

Godt val