Det skal gjalle under Smalsarhorn

Her ser vi lekteren som var tenkt til formålet ligg i enden av kaia. I bakgrunnen Hornelen (Smalsarhorn)

Her ser vi lekteren som var tenkt til formålet ligg i enden av kaia. I bakgrunnen Hornelen (Smalsarhorn) Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Det blir festmarsjar frå Smalsarhorn skulemusikk og kakefestivitas under opninga av nyekaia i Leirgulen.

DEL

Det har vore litt att og fram med med hurtigbåtkaia i Leirgulen. Det blei kjøpt inn ein flytande lekter, men den viste seg å ikkje vere så godt eigna til formålet. Kaifronten på gamlekaia ved Leirgulen Handel har også vore rusta opp til å kunne ta i mot hurtigbåten til og frå Bergen og Kystvegekspressen, men no ved nyttår blei då den nye kaia til kring 5,5 millionar kroner ferdig og den er allereie teken i bruk.

Nekaia i Leirgulen.

Nekaia i Leirgulen. Foto:

Men dette er ei hending som fortener ei skikkeleg markering. Kolset Krins, Leirgulen Handel og Bremanger Hamn trommar i hop til feiring på fredag.

Kystvegekspressen M/S "Sylvarnes" kjem innom og det blir feiande flotte marsjar servert av skulekorpset som er kalla opp etter heksefjellet i nordvest, Hornelen. Etter snorklipp blir det kaffi  og kake på Kolset Oppvekst.

Kommentarer til denne saken