På Havhesten har dei merka ei sterk auke i publikum også i vekene før gjenopninga av samfunnet. Det er heldigvis ikkje berre konflikten mellom ei treningsgruppe som brukar varmtvassbassenget og kommunen som pregar badeanlegget.

– Vi har hatt over 300 besøkande på dei første søndagane i haust. Det er fullt i bassenga og travelt i styrkerommet, fortel dagleg leiar Magny Rogne og Brit Helga Tødenes.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt, og endå fleire besøkande blir det nok framover. Vi er litt sprenge på kapasitet, men det står vi i, smiler dei to tilsette.

Dei fortel at dei har selt mange årskort den siste tida.

– Trafikken i bassenget har til tider har vore så stor i helgene at vi har lurt på kor vi skal gjere av folk, ler Tødenes.

Også i styrkerommet går det unna.

– Det skjer ikkje ofte, men då eg var innom her om dagen så var det folk i gang på samtlege av styrkeapparata våre samstundes. Og vi har mange styrkeapparat altså, smiler Rogne.

Brit Helga Tødenes