Torsdag morgon er beredskapspersonell på plass ved Westcon Yards i Florø, der det er påvist diesellekkasje til sjø.

Ifølgje politiet skal omfanget vere på rundt 2000 liter, og det blei først hevda at utsleppet skal kome frå riggen "Ocean Endeavor", som ligg til kai ved verftet.

Situasjonsbildet er likevel uklart. Like før klokka halv sju melder beredskapssentralen 110 Vest at utsleppet skal kome frå eit fartøy som ligg i dokka på verftet.

Både politi og brannvesen er på staden.

Firdaposten kjem tilbake med meir om saka.