Gå til sidens hovedinnhold

Det finst ei grense for kva vi gjer for pengar

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I eit lesarinnlegg i lokalavisene kritiserer Mona Kjerpeset Bremanger Venstre for å seie nei til realisering av det planlagde vindkraftanlegget på Steinfjellet i Bremanger. Ho har heilt rett i at vi då også seier nei til millioninntekter i form av eingongskompensasjon og eigedomsskatt.

Kvifor seier vi nei til dette? Det gjer vi fordi at for oss, som for dei fleste privatpersonar og politiske parti, finst det ei grense for kva vi er villige til å gjere for pengar.

Til grunn for Venstre sitt standpunkt ligg ei totalvurdering av fordelar og ulemper ved ei utbygging på Steinfjellet. Ei vindkraftutbygging er ikkje berre ei inntektskjelde. Det er eit industriprosjekt med store negative konsekvensar for natur, miljø, dyreliv, fugleliv og innbyggjarar. Vår konklusjon er at ulempene med ei utbygging på Steinfjellet er klart større enn fordelane. Dette har vi gjort grundig greie for i tidlegare høyringsuttaler og vedtak i formannskap og kommunestyre.

Vi er ikkje åleine om å vurdere det slik. Sidan dei endelege utbyggingsplanane til Bremangerlandet Vindkraft AS vart kjende gjennom høyringa på MTA, detaljplan og søknad om konsesjonsendringar hausten 2019 har eit fleirtal i formannskap og kommunestyre delt vårt syn.

Som vararepresentant for Senterpartiet er Mona Kjerpeset sikkert kjend med kva Senterpartiet sentralt seier om vindkraft. For andre, meir uinnvigde, følgjer her eit kort utdrag frå Senterpartiet si heimeside: «Senterpartiet mener vindmøller kun skal bygges der lokalsamfunnet ønsker det. Senterpartiet vil gi alle kommuner vetorett og vi har gått inn for at alle gamle konsesjoner skal gjennomgås. Det er stor forskjell på vindmøllene man så for seg for 20 år siden og de vi har i dag. Da kan ikke gamle konsesjoner bygges ut nå uten nye prosesser.» «Senterpartiet er tilhenger av produksjon av fornybar kraft og har vært positive til flere utbygginger. Imidlertid går det en grense for omfanget av vindmøller, særlig med tanke på natur- og friluftsområder og bruken av disse.»

Bremanger Venstre er heilt einig. Det går ei grense, og for oss er grensa nådd med dei to vindparkane som allereie er utbygd i kommunen. Skal kommunen skaffe seg fleire inntekter, noko vi alle er opptekne av og jobbar for, så må det skje på berekraftig og forsvarleg vis.

Trass i utfordrande demografisk utvikling og potensielt skrinlagde planar om vindkraft på Steinfjellet, er dei økonomiske framtidsutsiktene til kommunen lovande. Allereie mot slutten av dette året kan vi kome oss ut av «tvangstrøya» ROBEK-registeret. Då får kommunen økonomisk handlefridom. Dette kjem mellom anna som følgje av generelt svært god budsjettdisiplin i driftseiningane, flinke tilsette, låg lånegjeld og ein grundig prosess rundt budsjett og handlingsplan sist haust der ein justerte driftsnivået i samsvar med utvikling i folketal, inntektssystemet og tidlegare vedtekne økonomiske måltal.

Bremanger kommune har allereie betydelege inntekter frå både vasskraft og vindkraft. Vår spådom er at vi kjem til å klare oss godt utan vindkraftutbygging på Steinfjellet.

Kommentarer til denne saken