– Det er no når koronakrisa legg seg som ei hinne over samfunnet, at vi kjenner kor viktig kultur er for oss

FLORØ: Å jobbe med kultur er givande og noko ein saknar i desse tider. Men det er også risikosport, meiner Per Øyvind Helle, som no er i tenkeboksen. Er det kultur han skal drive med resten av sitt yrkesaktive liv?