– Det er forferdeleg frustrerande at samferdsledepartementet ikkje evner å forstå utfordringane våre

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) svara tysdag at Samferdsledepartementet vurderer å halde fram med minimums-rutekjøp frå Florø lufthamn også etter 1. oktober. – No er det ei tid for å handle – ikkje vurdere, slår ordførar Ola Teigen fast.