Gå til sidens hovedinnhold

Det er fantastisk å sjå utviklinga i Florø!

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Florø er i full blomst eit år etter 160-års jubileet til byen. Det er ein vakker og levande kystby. I sentrum kjem det mellom anna næringslokale og bustader i Strandgata 58 og Strandgata 56, bustadprosjekt i Markegata, Victoria hotell jobbar med planene om tårn og skybar og rådhuskvartalet i Bankhola er i økonomiplanen. Trovik-kvartalet og Gartnerihagen har endeleg funne si løysing i ny kommune etter lang tid og mange forsøk, og på Fugleskjærskaia er ein i gang med utbygging av ein ny flott terminal og kontorbygg.

Eit einstemmig kommunestyre har også etter 10 år med uvisse, no funne ei løysing for sjukehustomta med å satse på eldrebustadar sentralt i Florø. Offentlege instansar som Forsvarsbygg satsar 160 mill kr på ny base til redningshelikoptertenesten, FOT-rutene er tilbake, båtrutene blir betre, Peak Florø er fylt opp av aktivitet og på Oljebasen kjem det heile tida nye satsingar i omstillinga til nye energikjelder. Kirkeparken og vakre Sørstrand Folkepark blir rusta opp, Amfisenteret blir satsa på med stor oppussing, samt opprusting av uteområdet. Det foregår ei stor utvikling i byen.

Det er nye satsingar og planer over alt i Kinn kommune som har fleire spennande miljø som blandt andre Basen i Florø, Brødrene Aa i Eikefjord, Evoy, Havkraft, Nordvestvinduet, teknologimiljøet i Måløy og alle skipsdesignmiljøa og verfta.

Alle bedrifter, eigedomsutviklarar og huseigarar treng ei like offensiv kommune når dei skal utvikle nye prosjekt. Gode planressursar er heilt avgjerande for at eit offensivt og satsande næringsliv skal utvikle nye prosjekt og ikkje minst for ei heilheitleg og god stadutvikling.

Her leverer den nye kommunen svært godt og har blandt anna vore viktig for å forløyse det som Firdaposten omtalar som tidenes byggeboom i Florø! Kinn-effekten er tydeleg med den forløysinga vi ser av byggeaktivitet i både Florø-området og Måløy-regionen og det er utruleg kjekt å sjå den optimismen og aktiviteten som er i begge kystbyane våre om dagen. Vi er heldige som har so mange offensive huseigarar og næringsliv som vil satse med so mange nye prosjekt på gang i begge delar av kommunen.

Vil ønske alle ei riktig god påske!

Kommentarer til denne saken