Gå til sidens hovedinnhold

Det blir lagt ned færre skular

39 skular vart laga ned i landet det siste skuleåret. Det er 14 færre enn året før, og tendensen er fallande.

Mellom 2010 og 2020 vart det i snitt lagt ned 50 skular i året, eller ein kvar veike, melder NRK Vestland.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at dei nedlagde skulane i snitt hadde 43 elevar det siste året dei var i drift. Marie Smedsrød i Utdanningsdirektoratet seier at det i eit større perspektiv er teikn til at færre skular blir lagt ned.

I tilleggsbudsjettet sette Støre-regjeringa av ein «milliardpakke mot skuledød». Det er snakk om ein pott på 1,2 milliardar kroner som skal stimulere til ein desentralisert skulestruktur og å berge mindre grendeskular og nærskular frå nedlegging.

– Det skal lønne seg for kommunane å ta vare på dei eksisterande skulane for borna. Vi har sterk tru på at eit ekstratilskot vil bidra til dette, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) då han presenterte tilskotet.

Thomas Nordahl er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Innlandet. Han er ikkje overtydd om at det å halde liv i små skular er den beste løysinga.

– Kommunane skulle heller vore oppmuntra til å lage ein skulestruktur som er i samsvar med folketalsutviklinga, og ikkje få pengar for å halde oppe ein skulestruktur som var bygd ut for eit heilt anna elevgrunnlag, seier han til NRK.

p(©NPK)/p

Kommentarer til denne saken