Gå til sidens hovedinnhold

– Det blir ikkje tradisjonell 17.mai-feiring i Kinn

Artikkelen er over 1 år gammel

Det stadfestar beredskapsleiinga i Kinn kommune fredag føremiddag.

Beredskapsleiinga i Kinn kommune har gjort vedtak om at det ikkje vert noko tradisjonell 1., 8. eller 17. mai-feiring i kommunen i år.

Det kjem fram i ei pressemelding fredag.

– Med bakgrunn i regjeringa sitt vedtak om forbod mot kultur- og idrettsarrangement og avgrensingar i tal på personar som kan opphalde seg saman, vert det ikkje høve til å gjennomføre 1., 8. og 17. mai slik vi tradisjonelt gjer det, skiv dei.

Ordførar, varaordførar og kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø vil ta initiativ til dialog med komitear og grendalag om alternative markeringar.

Vedtaket vert gjort i samarbeid med kommuneoverlegen og etter heimel i smittevernlova § 4-1.

– Vi er framleis i ein situasjon der vi skal kjempe mot smitte av koronaviruset. Samfunnet vert opna gradvis, men regjeringa held på ei rekke restriksjonar om folkesamlingar og avstand mellom personar, utdjupar dei i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken