Det blir heimeundervisning for elevane på vidaregåande skule
Regjeringa har bestemt at alle vidaregåande skular i lanet skal ha raudt smittevernnivå frå og med måndag 4. januar. Raudt smittenivå i seg sjølv betyr ikkje at elevane må halde seg heime. Skulane har likevel eit behov for litt tid til å setje i verk dei nye smitteverntiltaka. Det betyr at alle elevane i Vestland skal ha heimeskule frå måndag av. På Flora vidaregåande kan rektor Knut Chr. Clausen opplyse om at det i første omgang blir heimeskule måndag 4. jan og tysdag 5. jan for alle elevar. Etter det vert det oppmøte på skulen etter eigen plan. I løpet av måndag går det ut melding om kva grupper som skal møte på skulen frå onsdag av og når dei skal vere på skulen. Dei nye smittevernstiltaka frå regjeringa gjeld fram til 18. januar. Innan då vil det bli gjort ein ny vurdering på om tiltaka skal vidareførast eller lempast på.