Laurdag kveld hamna to norske menn i arresten i Florø, etter ei heller uvanleg hending. Dei to, ein mann i 20-åra og ein i 40-åra, tok til å rasere inventaret i utleigebustaden dei begge budde i.

Det skal ikkje har vore andre til stades i husværet då skadeverket blei utført. Dei to mennene skal heller ikkje ha slåst med kvarandre.

Resultatet blei likevel ikkje billig. Ifølgje politiet skal det ha blitt øydelagt inventar, glasgjenstandar og andre ting for mange tusen kroner.

– Det er så langt ikkje kome noko skadetakst på det øydelagte inventaret, så kor mykje det er snakk om, er førebels uklart, seier lokal politileiar i Florø, Wenke Hope.

Ho stadfestar at begge mennene må vente seg eit oppgjer både med politiet og med huseigar.

– Det er oppretta straffesak mot dei to, og det vil også kome erstatningskrav frå eigaren av husværet, seier ho.

Dei to mennene skal ha leigd husværet for ein kortare periode. Det er også klarlagt at dei to hadde festa i fleire dagar i forkant av hærverket som skjedde laurdag. Dei har erkjent å stå bak øydeleggingane og er innstillte på å gjere opp for seg.

Dei to hamna i arresten laurdag kveld og blei sett fri søndag føremiddag.