Kvart år har elevar på niandretrinnet på Florø ungdomsskule arbeidsveke. Det er for at skulen skal ha kontakt med arbeidslivet og at elevar skal få kjenne på korleis det er å vere i arbeid. Elevane må sjølve skaffe jobb, og om ein ikkje finn arbeid må ein vere på skulen der ein blir sett til ulike arbeidsoppgåver.

Eg er ein av elevane, og eg spurte onkelen min som jobbar på Firdaposten om jobb.

Mi oppgåve har vore å jobbe som journalist. Jobben min skulle vere å møte og intervjue andre elevar som har arbeidsveke. Eg ville finne ut kva dei har gjort denne veka.

Først gjekk turen til Amfi-senteret. Hedda Kleiven (14) har arbeidsveke på parfymeriet Vita.

Supre kollegaer

– Korleis fekk du jobben?


– Eg gjekk ned med mamma og spurte om dei hadde plass til nokon i arbeidsveka, seier Hedda. Ho var ein av dei heldige som fekk napp.

Ho fortel arbeidet har vore variert.

– Eg gjer litt forskjellig. Denne veka har eg stått i kassa og eg har hjelpt til med å telje varene og sette prislappar på dei, seier ho og fortel jobben handlar mykje om kundekontakt.

– Det er veldig kjekt å hjelpe kundar som kjem inn i butikken.

– Trur du at du kunne tenkt deg å gjere dette også eingong i framtida?

– Ja, det trur eg at eg kunne. For det første interesserer meg for arbeidet dei gjer her, så er det veldig hyggelege kollegaer eg har jobba med denne veka, fortel ho.

Hedda meiner arbeidsveke er nyttig. Ho trur det er sunt for ungdommen og lære seg korleis det er å jobbe og kjenne på korleis det er i arbeidslivet. I løpet av arbeidsveka får ein prøve ulikt arbeid som kan hjelpe til med å finne ut av kva ein vil gjere i framtida.

Jobba på kafé

Ifrå Vita var det ikkje lang veg til neste ungdomsarbeidar. Ein etasje opp med rulletrappa så er vi på Kafé Kandis der vi møter ein smilande 15-åring.

Maren Hatteberg sende melding på Facebook-sida til kafeen og var ein av dei heldige som kunne tilbringe arbeidsveka på kafé. Men ho skulle ikkje sitte og slappe av. Ho måtte jobbe. Då vi møtte ho hadde ho vore i oppvasken allereie eit par timar.

– Eg gjer litt forskjellig. I dag har eg stått i oppvasken, rydda bord og vaska dei, laga smoothie og sortert namnelappar på smoothiar, seier ho.

Men ho er ikkje heilt sikker på om det er kafé-arbeid ho skal drive med resten av livet.

– Eg veit ikkje heilt om eg hadde passa til slikt kafé-arbeid, men det hadde vore gøy jobb å ha hatt som tenåring.

Ho synest arbeidsveke både er viktig og lærerikt.

– Det er bra å kjenne på ansvar og det å respektere ein arbeidsgivar. Ungdomsskulen burde halde fram med arbeidsveke i åra som kjem, seier ho og legg til at det er fint med eit avbrekk ifrå skulen.

Det kjekkaste med arbeidsveke meiner ho er å vere på ein ny plass, få lov til å gjere ulike arbeidsoppgåver og å få ansvar.

– Eg trur denne veka blir ein fin lærdom og ta med seg vidare i livet.

På apoteket

Vi lukkar blokka og returnerer til redaksjonen i Firdaposten for å sortere notata våre. Vi ønskjer å intervjue nok ein ungdom og tek kontakt med Linnea Hopland (15). Ho jobbar berre eit par steinkast frå Firdaposten.

Ho fortel at ho har tenkt at Vitusapotek ville vore ein fin arbeidsplass.

– Mor mi har jobba her så eg fekk ja då eg var innom for å høyre om jobb, seier Linnea.

Ho har også kjent på det å få ansvar i løpet av veka.

– Eg ryddar varer, skriv ut brosjyrar, priser varer og sett varer på plass i hyllene, fortel ho.

Ho vedgår at dette er ein jobb ho ikkje ser føre seg å ha fast, men ho kunne gjerne tenkt seg å ha hatt sommarjobb på apoteket.

– Det kjekkaste er at det er noko anna enn vanleg skule, du lærer mykje du ikkje lærer på skulen, og det er vel heile vitsen med arbeidsveke? svarer Linnea spørjande.

Til liks med dei andre jentene meiner ho det er viktig og lærerikt for elevar i ungdomsskulen å ha arbeidsveke for å finne ut kva ein skal gjere vidare i livet.

– Eg trur det er viktig for ungdom å lære meir om arbeidslivet, slår ho fast.

Vi returnerer med blokka, nok ein gong, for å skrive ut intervjua vi har gjort med elevane. Og eg kan ikkje anna enn å seie meg einig. Det har både vore lærerikt og artig å jobbe som journalist denne veka.