Firdaposten sine lesarar elskar å sjå gamle bildeseriar frå arkivet, og vi får mange positive tilbakemeldingar på desse. At dei er populære viser også lesarstatistikkane våre for 2020:


1: Barn på 90-talet

Aller mest lese, i heile 2020, av alt Firdaposten har publisert, er ein bildeserie med svart-kvitt-bilde av barn på 90-talet. Her er det glimt frå mange ulike situasjonar lokalavisa har dokumentert, alt frå juleverkstad på Svelgen skule til sommarskule på Docen i Florø, møte i tvillingklubben i Florø og glimt frå mange ulike barnehagar.

Over 5.500 innlogga abonnentar har sett på denne bildeserien, og i gjennomsnitt har desse avislesarane brukt nærare tre minutt kvar på å studere bildene:

Bildeserie

SJÅ BILDA: Barn på 90-talet

2: Lokale bedrifter

På andreplass kjem ein annan serie med gamle bilde, denne gongen av lokale bedrifter på 80- og 90-talet. Her er det gjensyn med DNC i Strandgata, Vestkysten reiseliv, Sunnfjord Vask-Rens YFK, Sunnfjord Produkt, Øytex, Vestlandshus, Thors Portal og Florø Stål, for å nemne nokre. Denne har over 3.700 lesarar fått med seg, og dei har i gjennomsnitt brukt over sju minuttar kvar på bildesamlinga:

Bildeserie

SJÅ BILDA: Lokale bedrifter på 80- og 90-talet

3: Handel og butikkar

Også på tredjeplassen er det gamle bilde som tronar. Dette er ein serie frå lokale butikkar på 2000-talet, som 3.570 lesarar har fått med seg, og i gjennomsnitt brukt ni og eit halvt minutt kvar på. av butikkar du får gjensyn med her er Popin, Snorre interiør, Lene V, Jernia, Big, Økland Libris, Urmakar Moe, Combi, Frøken Fjong, Ringo, Mega, Stabben Fisk, JG Gavesenter, Manto, Glasshjørnet, opning av Fanøy landhandel, og mote- og brudeshow på Amfisenteret - for å nemne noko:

Bildeserie

Sjå bilda: Handel og butikkar på 2000-talet

4: Kjippen 2019

Først på fjerdeplass kjem ein bildeserie med ferske bilde. Det er sjølvsagt den evige hiten; bildeserie frå Kjippen nyttårsaftan. Den er sett av neste 3.400 abonnentar, og i gjennomsnitt har desse brukt sju minutt kvar på bildene frå nyttårsfeiringa ved inngangen til 2020:

Bildeserie

Sjå bilda frå Kjippen 2019

5: Barneskulane for 20 år sidan

På femteplass er det igjen bildearkivet som dukkar opp. Her er ein av dei ferskaste bildeseriane i Firdaposten, som vart publisert i starten av desember. Her er det bilde frå dei ulike barneskulane på starten av 2000-talet, mellom anna fleire klassebilde:

Bildeserie

Sjå bilda: Barneskulane for 20 år sidan

  • Har du tips til bildeseriar DU gjerne skulle sett? Skriv gjerne i kommentarfeltet nederst eller send nokre ord til [email protected]

6: Modellar og moteshow

Bildeserie

SJÅ BILDA: Modellar og moteshow

7: Aksjonar og demonstrasjonar

Bildeserie

SJÅ BILDA: Aksjonar, demonstrasjonar og engasjement

8: Lesarane sine flotte instagram-bilde

Bildeserie

Sjekk lesarane sine flotte sommarbilde

9: Fest for Flora kommune

Bildeserie

Sjå glimt frå den siste festen for Flora

10: Stormflo i Florø

Bildeserie

Sjå bilde frå stormfloa i natt