Gå til sidens hovedinnhold

Desse bilane skal politiet bruke dei neste sju åra

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet skal bruke Volvo og Mercedes som patruljebilar fram til 2027.

Politiet har tildelt Volvo Car Norway AS og Bertel O Steen AS kontrakt på patruljebilar for perioden 2020–2027.

Kontrakten skal ha ein verdi på opp til 1,2 milliardar kroner melder E24.

Politiet har valt to bilmodellar som skal dekke politiets behov for patruljebilar:

Volvo V90CC som liten patruljebil og hundepatrulje og Mercedes-Benz Vito til behov for stor patruljebil. Dette er ein biltype politiet også nyttar i dag.

Det er Politiets Fellestenester som gjennomfører innhentinga av tilbod og treff avgjerd om type bilar på vegner av Politiet.

– Målet med denne konkurransen har vore å finne de bilane som best dekker politiets behov, i dag og i framtida, og innanfor dagens økonomiske rammer, seier direktør Helge Clem i Politiets Fellestenester.

Kontrakten er gjennomført som ein konkurranse med forhandlingar. I alt ti aktørar frå hele Europa melde si interesse. Fem aktørar oppfylte krava for å delta i konkurransen. Kontraktane er tildelt tilboda med best forhold mellom kostnad og kvalitet basert på politiets evalueringskriterium.

Politiets Fellestenester vil signere kontrakt med de valde leverandørane etter utløp av den lovbestemte karensperioden.

Dei reknar med at dei første bilane vil vere på plass i løpet av våren neste år.

Kommentarer til denne saken