FIRDA: – Det er mykje som skjer rundt oss om ein klarar fange det opp, seier Nils Christan Bjørgo, leiar for Birdlife Sogn og Fjordane.
Ei kattugle blei førre fredag observert utanfor Firdabygget. Her vitna avisa kampen mellom kråkefuglane og kattugla.
Kråkefuglane flokka seg om ugla og hakka og reiv i den. Det er tvilsamt at ugla overlevde.
Kattugla er ei vanleg ugle i urbane strøk, fortel Bjørgo. Den lever stort sett av mus, og dei likar seg der det er folk fordi det er mykje mat.
Medan skjorene og kråkene er sjef i Førde om dagen, så er det ugla som er sjef om kvelden, seier hobbyornitologen. Han seier også at artane er naturlege fiendar fordi ugla er rovfugl.
– Vart mobba
– Kvifor gjer kråkefuglane slikt?
– Det er ganske typisk at skjorene og kråkene angrip ugler. Dei er fiendar. Det hender at ugler angrip dei om natta. Når det gjeld denne hendinga, ville dei truleg mobbe ugla og drepe den.
– Ugla er jo ein rovfugl. Skjorene er kloke fuglar. Dei elskar å erte. Dei er også stygge med kvarandre. Det hender dei finn ut at dei skal vere stygg med ein av sine eigne, legg han til.
– Det er eit brutalt liv dei lever rundt oss?
– Ja, heilt klart brutalt. Nokre vintrar er vanskelege og ofte svelt ugla i hel. Ugla er jo ganske vanleg i Førde, mange har nok høyrt dei, spesielt rundt april – mai.
– Bør hjelpe
Det må skrivast at journalisten prøvde skremme vekk skjorene og kråkene, utan hell. Bjørgo seier også at det er ikkje alltid rett å la naturen gå sin gang.
Fakta om Kattugle i Norge
Kattugle (Strix aluco) er ei mellomstor ugle som lever i skogområde over det tempererte Europa austover til vestlege Sibir.
I Norge lever ho i låglandet frå Austlandet rundt kysten nord til og med områda rundt Trondheimsfjorden. Dette er ei tjukkfallen, middels stor ugle, undersida er bleik med mørke striper, og overkroppen kan vere anten spetta brun eller grå. Vengene er breie og hovudet stort. Hos fleire underartar kan individa vere av begge fargevariantar, i Noreg varierande mellom raudbrun og gulgrå.
Kattugla byggjer vanlegvis reiret i eit holt tre som gjev effektivt vern mot potensielle åtakarar. Ho er ein standfugl og svært territorial. Om ungfuglar forlèt foreldrereiret, og dei ikkje finn eit ledig territorium, kan dei ofte svelte.
Kattugla er ein nattaktiv rovfugl. Ho er i stand til å jakte med suksess om natta på grunn av syns- og høyrselstilpassingane og evna ho har til å flyge lydlaust. Ho jaktar vanlegvis ved å sleppe seg snøgt ned frå ei grein og gripe byttet som ho svelgjer heilt. Ho jaktar hovudsakleg på smågnagarar, sjølv om dietten i urbaniserte område inkluderer større innslag av fuglar. Ho fangar nokre gonger mindre ugler, og blir sjølv nokre gonger jakta av hubro og hønsehauk.
Sjølv om mange menneske går ut frå at kattugla har eksepsjonelt nattsyn, er høyrselsevna viktigare for jaktsuksessen: øyra er asymmetrisk plasserte, noko som gjer ho i stand til å kjenne den presise retninga mot lydkjelda.
Kattugla har ein plass i folklore. Ettersom ho er aktiv om natta og mange menneske opplever songen som skremmande, har folk tradisjonelt knytt ho til varsel om død. Mange trur at alle ugleartar lagar ein tutelyd, men det er ei overgeneralisering basert på songen til akkurat denne arten.
Kjelde: Nynorsk, Wikipedia.
– Finn ein eit dyr som er skadd eller treng hjelp, så bør ein hjelpe det. Det var litt tidleg på året dette. Det kan også hende at ugla var utsvelta og var døyande likevel, det er vanskeleg å seie.
– Det er klart det er jo trist, men dessverre ikkje unormalt. Det er ikkje berre, berre å vere kattugle, seier han.