Neptune og partnarane i Fenja-lisensen har starta boringa av den første brønnen på Fenja-feltet i Norskehavet. Florøkontoret har ansvaret for logistikken under denne operasjonen, i tett samarbeid med Vestbase i Kristiansund. Det melder selskapet i ei pressemelding tysdag.
Fenja er Neptune sin første eigenopererte utbygging på norsk sokkel. Feltet er rekna til å innehalde 97 millionar fat oljeekvivalentar. Forventa maksimal produksjon er 40.000 fat olje per dag.
– Boreoppstarten representerer ein viktig milepæl i prosjektet. Målet med desse første geopilotane er å betre forstå reservoaret og å optimalisere plasseringa av produksjonsbrønnane, seier direktør for prosjekt og ingeniørarbeid i Norge, Erik Oppedal og legg til:
– Som vår første eigenopererte utbygging, er Fenja eit spennande prosjekt for Neptune og viser trua vår både på regionen og norsk sokkel.
Feltet ligg i Norskehavet 120 kilometer nord for Kristiansund, og på 320 meters djup. Fenja blir bygd ut med to havbotnrammer knytt opp mot Njord A-plattforma for prosessering og eksport.
Det skal borast seks brønnar. Tre av desse vil vere oljeprodusentar, to vatninjektorar og ein gassinjektor. Gassinjektoren vil bli konvertert til ein gassprodusent mot slutten av levetida.
På grunn av forseinkingar i Fenja-prosjektet forårsaka av COVID-19 og den generelle uvissa i marknaden, har partnarane i lisensen valt å revidere boreprogrammet. Boring vil no bli gjort i tre fasar i løpet av de neste to årene.
Arbeidsprogrammet for 2020 inkluderer to topphol og to geopilotar, med ein forventa varigheit på 85 dagar. Arbeidet blir utført av boreriggen «West Phoenix», operert av Seadrill.
Produksjonsstart på Fenja er planlagt i fjerde kvartal 2021. Partnarar er Neptune Energy (Operatør, 30%), Vår Energi, (45%), Suncor (17,5%) og DNO (7,5%)