Irmelin Brandsøy frå Florø er eitt av mange namn som dei siste åra har blitt ført inn i det norske jegerregisteret som ny, kvinneleg jeger.

Men tala lyg.

Sjølv om kvinnedelen av nordmenn som tek jegerprøva aukar år for år, har andre statistikkar vist noko mindre hyggeleg: At rundt halvparten av kvinnene berre tek utdanninga – men aldri kjem seg i skogen eller fjellet på jakt.

– Eg har vore ein del av denne statistikken, ja. Heilt fram til sist helg, då eg kvinna meg opp og melde meg på ei helg med jentejakt på Svanøy. Og for ei helg det blei! Dette var akkurat det eg trong; den siste dytten. No er eg endeleg i gang, seier Irmelin, som ikkje kan få fullrost opplegget som møtte jentene frå heile landet då dei steig i land på Svanøy sist helg.

Byggjer sjølvtillit

– Alle involverte var så proffe. Dei var gode pedagogar, og Johan Trygve Solheim og gjengen hans visste nøyaktig korleis dei skapte ei trygg ramme for oss. Det var ei oppleving for livet, seier Irmelin.

Opplegget ho rosar er «Jentejakt på Svanøy», ei helg der kvinner i alle aldrar som er nye eller litt ferske jegerar, kan søke, bli trekt ut og få prøve seg på hjortejakt. Opplegget er eit samarbeid i regi av Norsk hjortesenter, Florø skyttarlag, Flora Jeger og Fiskerforening og NJFF Sogn og Fjordane. Her inngår det skytetrening, utøving av ulike jaktformer, mykje fokus på etikk og jaktmoral – og ikkje minst korleis ein handterer den flotte kjøressursen som hjorten utgjer.

– Vi såg masse dyr i skogen! For meg som fersking var det så mykje nytt å lære, ikkje minst når det gjeld åtferd i skogen, strategi, ta omsyn til vinden, lese terrenget – ja alt! Det var så mykje å ta innover seg at eg jobbar med å bearbeide alt det eg lærte fortsatt.

– Kvifor er det viktig at kvinner får jakte i lag med berre kvinner?

– Eg trur at sjølv om vi er kome eit stykke på veg, så er jakt framleis ein av dei siste mannsbastionane. Det kan vere tøft å olboge seg fram som jente i eit slikt miljø. Vi treng å få byggje litt kunnskap og sjølvtillit, så vi er rusta på å gå inn i eit jaktlag, der mennene framleis er i stort fleirtal. Det følte eg at eg fekk denne helga, sjølv om eg ikkje skaut noko hjort sjølv.

Inn på jaktlaget neste

– Kva overraska deg mest?

– At eg fekk så høg puls då det kom hjort på post! Eg fekk heilt skjelven. Eg hadde ikkje trudd eg skulle reagere så sterkt. Men det gjorde eg, seier Irmelin.

Denne spesielle kjensla er også grunnen til at ho no har bestemt seg:

– Pappa er i eit jaktlag. Der er det plass til meg, og den plassen skal eg no ta i bruk, slår florøkvinna fast.

FJFF: – Fantastisk å høyre

– Det Irmelin fortel her, er musikk i mine øyre. Det er sjølve grunnen til at vi i Florø Jeger og Fiskerforening (FJFF) ønskjer å bidra i jentejakt-opplegget.

Det seier kvinnekontakt i FJFF, Anne Evy Skogheim.

Sjølv om ho er kome steget lengre enn Irmelin Brandsøy, er også Anne Evy fersk jeger med fire-fem sesongar på baken.

– Eg har jakta, eg har felt dyr – men ikkje skote hjort. Eg blei sjølv sterkt motivert av denne helga. Her kom det kvinner frå Sørlandet, Austlandet, frå Voss, frå Sogn, frå Førde, Naustdal og Florø – og dei kom for å lære. Aldersspennet var frå 17 til 62 år. Det fortel at på norsk jakt er det plass til alle. Opplegget på Svanøy er heilt fantastisk, og eg kan ikkje få fullrost jaktleiar, skytetrenar, guidar og hjelparar nok. Det er eit stort apparat i sving, og når vi få slike tilbakemeldingar, så er det heilt gull for oss, seier Skogheim.

Ho meiner likevel at mange jaktlag har endra seg til det positive dei seinare åra, i takt med at jentene sakte, men sikkert melder seg på bana.

– Eg er sjølv i eit jaktlag på Bjørnset, og måten vi kvinnene har blitt motteke der dei siste åra, det gjer meg optimistisk med tanke på framtida.

– Dette er noko som er inspirerande og kjekt å halde på med for oss også, seier Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter.

– Vi ser at dette betyr noko for deltakarane, og då oppnår vi det vi ønskjer. Vi kjem til å gjenta dette som ein tradisjon, lovar Solheim.