Som ein av dei fire store i norsk rock, er det nok ikkje mange som kan unngå å ha eit forhold til Dumdum Boys. Bandet er djupt forankra i den norske folkesjela. Verken prisdryss, salssuksessar eller lovord frå etablissementet for øvrig har rocket ved Dumdum Boys sin fandenivoldskheit, speleglede og trøkk når dei står på scena.
Prepple, Kjartan og kompani visar år etter år at unge rockevalpar som regel ikkje når den gamle Dumdum-bikkja til anklane ein gong. Laurdag 17.september spelar dei i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel, melder arrangørane, som er Fjordane Musikkforum medsamarbeidspartnarar.
Skal du ha billett, må du truleg vere om deg. Billettsalet startar i dag, måndag 27. juni 10.00 på Ticketco.