Gå til sidens hovedinnhold

Denne gjengen har merka nye sjarmløyper til Vetvika og Veten

No kan du snøre på seg fjellskoa og gå direkte på ein godt merka sti direkte frå Iglandsvik til enten Vetvika, Veten eller Grotlesanden.

Ettermiddagssola velsignar oss med livgjevande lys, varme og d-vitamin denne speglblanke maidagen. Gløymde er vinterdagane med sur synnjavind eller kvass og kald nordapeis. Håpet er lysegrønt og sommarsesongen står for døra.

Eldsjeler

På kaia i Iglandsvik ventar fire av eldsjelene som har sett seg føre å utvikle eit komplett tursti-nett som knyter saman besøksnæringa i Iglandsvik med attraksjonane Grotlesanden, Veten og ikkje minst bygdas mest berømte fottur-destinasjon; den idylliske og veglause Vetvika.

– I fjor såg vi ein voldsom auke i folk som ville til fjells. Eg møtte mange som gjekk nede på vegane og stirra inn i smart-telefonane sine. Då blir eg nysjerrig eg og snakkar til dei og spør direkte på kva dei lurer på. Veldig ofte gjaldt det å finne ut korleis dei skulle finne fram for å komme seg til fjells, og mange av dei ville til Vetvika. Seinare diskuterte eg dette med Tonny Grotle i Iglandsvik Utvikling og vi kom fram til det er eit behov for godt merka turstiar, fortel Roger Igland.

Vi treff han saman med kone og turvenn Karine Igland, nabo Svein Ulrik Igland og styreleiar i Iglandsvik Utvikling, Jan Torvanger. På programmet står ei omvising på den nye merka løypa mot Vetvika. Turane skal også registrerast med geomapping og blir tilgjengeleg via mobil-app.

Bildeserie

Ny turløype til Vetvika

Blått og raudt

Vi går gjennom fjæra i det idylliske sjøbumiljøet i Iglandsvik og tek fjellvegen ved Velljene opp til første høgda med eit plantefelt av graner i området som på lokalt heiter Råkja. Stien er førebels merka med både raude og blå pinnar. Fargen indikerer at raud løype er mest krevande fysisk. Her på Råkja skiljer stiane lag. Raudt mot Vetvika, medan den blå går mot Veten. På Heia ved Grolsdalen vil det bli eit skilt som peikar vidare på ein sti mot Grotlesanden (tynn raud strek i kartet) .

– Badestrandsruta er den lettaste og tek berre berre tre kvarter. Etter det kan ein hive seg i havet og nyte dagen på stranda. Vil ein til dagsturhytta på Veten, koblar stien seg på grusvegen opp mot hyttene i Nøre Bakkjen og fortset der i frå, forklarer Igland.

Men vi går på raudt. Nær toppen av fjellet Omnen ser vi innom ein nykonstruert kvilebenk og utkikspunkt, Omnsbenken. Du treng ikkje løyse veldig mykje svette før du får godt betalt med ei fantastisk flott utsikt.

Utvikle næring

– Desse nye turstiane gjer at folk kan gå ut av bubilen sin på Iglandsvik Marina, ut frå Havly eller ut frå teltet sitt og gå direkte til fjells. Då slepp dei å køyre eigen bil til Grotle eller Svarstad og styre på med parkering der. Vi har lagt merke til at etter endt tur, så køyrer alt for mange direkte ut av bygda og nyttar seg i liten grad av tilboda til det lokale næringslivet. Det same har vi sett til dømes under Vetenløpet. Når det er ferdig, så fær folk direkte heimover. Enkelte er så vidt ned på bremsepedalen ved Havly og lurer på om det er noko tilbod der, men så skyt bilane fart vidare. Skal vi utvikle ei besøksnæring- så må vi få folk til å stanse, bruke butikkane og gjerne ta ei overnatting eller to, forklarer Roger Igland.

Merka turstiar løyser i stor grad også ei anna utfordring:

– Grunneigarane er med på dette, fordi dei har erfart at 90 prosent av turgåarane følgjer dei merka stiane. Dei slepp at folk går og trakkar over alt i terrenget, understrekar Jan Torvanger.

Vi krekar oss sakte, men sikkert oppover den raude løypa til fjellhøgda Iglandsmannen. Høgdemålaren viser snart 500 meter over havet. Terrenget er relativt lett å ta seg fram i - med mjuk grasmatte og ein del lyng. På toppen her, ved Lemmane, har prosjektet eit lite depot med merkepinnar som skal fraktast endå lenger opp. Roger lesser opp fjellsekken med ei ny ladning stikker før vi går vidare.

Spele kvarandre gode

Terrenget flatar gradvis ut og vi går langs den bratte kanten på Torvangsheia (580 m.o.h), eit område med spektakulært utsyn over fjell og blåner i havlandet både mot aust, sør og vest. Vi ser innover Nordfjord, nesten heile Dalevatnet, store delar av Bremanger-bygda og Rylandspollen.

Vi er avhengige av personlegheiter for å få til ei utvikling. Når vi har slike drivkrefter, så må vi andre sørge for å legge til rette.

Jan Torvanger, styreleiar i Iglandsvik Utvikling

Dei omstridde turbinane på både Hennøy og Guleslettene Vindkraftverk snurre sakte i solgangsbrisen og du kan sjå så langt som Batalden, Skorpa og Reksta vest av Florø i skarp luft. Så fabelaktig er utsynet at vi berre må ta ein liten beinstrekk og pust i bakken.

– Turstiprosjektet utviklar både næringsliv og bulyst, understrekar Jan Torvanger.

– Her har vi nokon fjellfolk som er genuint interesserte i få gjort noko til det beste for heile bygda. Vi er avhengige av personlegheiter for å få til ei utvikling. Når vi har slike drivkrefter, så må vi andre sørge for å legge til rette. Det blir som med Rosenborg og Eggen og boka «Godfoten». Vi må spele kvarandre gode, understrekar han.

Høgheim

Frå Torvangsheia svingar vi meir mot nord, går langs kanten på Viadalen og ser ned på det store flate grasdekte platået på Huseheia mot sørvest. Bak det skimtar vi havet som eit uendeleg blått teppe utover i Atlanteren.

– Som gutungar drøymde vi alltid om å spele fotballkamp her på Huseheia, fortel Jan, som er eldstemann i ein brødreflokk med trim- og fotball i blodet.

– Fantastisk flott plass å telte er det også. Vi har overnatta heile familien i telt her og då spelte vi litt fotball, kommenterer Roger.

Vi ruslar ledig vidare. Havtrekken ruskar litt i håret i det vi kjem opp til to velhaldne hytter, den eine er kalla Høgheim. Ved den andre står eit stillas i samband med påbygging. Vi slår oss ned ved vestveggen til Høgheim for å ta ein kaffikopp, niste og nyte litt friskt vatn rett frå bekken. Vi har brukt berre eit par timar i roleg turtempo. Høgheim ligg berre nokre gå minutts gange frå toppen av Steinfjellet, nærare bestemt Torvangs-steinfjellet (680 m.o.h), som er det høgaste punktet på veg mot Vetvika.

– Dette er så langt som vi kome med merkinga. På vegen vidare kan ein enten gå nedover det vi kallar Bakkane mot Vetvika eller koble seg på den andre turstien som kjem frå Svarstad ned Fanneskaret og Ura. Vi har også ein ide om å lage eit nettverk av lokale båtar, for å kunne tilby ei pakkeløysing, der fjellvandrarane kan bestille seg båtskyss tilbake til Iglandsvik. Det hadde verkeleg vore noko, forklarer turstisjefen Roger.

Befriande

Kjensla av å komme opp og fram til målet er befriande. Gevinsten av strevet er ein salig tilstand av fysisk og psykisk velvære. Det er berre å la tankane flyge. Praten går lett i solveggen.

– Det skjer mange positive ting i Bremanger no. Vi ser så mange unge par og det er så mykje barnevogner å sjå i vegane, poengterer Roger.

– Ja, det er heilt fantastisk, samstemmer dei andre, før dei går laus på ei oppramsing av kven sine etterkommarar som har snudd nasen heim att til bygda med kjærastar og barn. Og ikkje berre det, det er komne unge familiefolk andre stader frå som vil teste ut livet i havlandet. Dei driv med kiting og surfar på bølgjene ved hjelp av brett og ein vindskjerm.

– Har dei jobb?

- Dei er sjølvhjelpte dei, fordi har eige firma og kan jobbe heimefrå via fiberbreiband.

Snur det?

Kommunen sin vilje til å vere fødselshjelpar for digital infrastruktur kan vere gull verdt Kan det vere med på å snu den tunge sentraliseringstrenden vi har opplevd dei siste ti-åra? Fleire heimflyttarar og fleire besøkande gjev grobotn for håp.

– Det er ein veldig interessant trend. Ein del unge i dag er ikkje så opptekne av å bu så sentralt , så lenge dei får dyrke hobbyane sine og kan jobbe via nettet, poengterer Jan Torvanger.

Tida går fort i godt lag og kveldssola har begynt å kaste lange skuggar i landskapet. Vi er klar for å utfordre bremsemuskulaturen i lår og legger og svingar oss ned gjennom bakkane mot kote 2 i Iglandsvik. Ei strålande naturoppleving som vi unner flest mogleg å få oppleve. Håpet er lysegrønt og sommarsesongen står for døra.

Kommentarer til denne saken