2008

Året etter Terra-smellen, var det akkumulerte underskotet etter dei feilslegne finansinvesteringane i regi av sparebankselskapet Terra Securities rekna til svimlande 247 millionar kroner. Den tidlegare velsituerte kraftkommunen vart underlagt Robek-kontroll i regi av fylkesmannen og måtte legge fram ein tiårsplan for nedbetaling av gjelda.

Eit viktig grep frå Terra-kommunane samla var å varsle den norske storbanken DNB om rettssak og stopp av innbetalingane på lån. Svaret kom kontant tilbake i form av krav om morarenter for misleghald. Spelet var i gang og som vanleg var det umogleg å plassere noko ansvar på glatte finansfolk.

2009

Staten med den raudgrøne regjeringa ved roret innvilga naudhjelp i form av 15 millionar i skjønsmidlar, men varsla at året etter ville beløpet truleg bli halvert. Til saman fekk Bremanger 30 millionar fordelt over tre år- ei slags vedkjenning av staten sitt ansvar i saka.

Konsulentselskapet Utviklingspartner peika på den dyre desentraliserte drifta og tilrådde å legge ned småskulane i kommunen for å spare sju millionar kroner i året.

Konsulentselskapet Gabler Wassum fekk i oppdrag å følgje med korleis dei finansielle investeringane utvikla seg, medan advokatselskapet Lund og Co fekk oppdraget med å handtere rettslege spørsmål.

2010

Konkursbuet etter Terra Securities startar jobben med rettssak mot amerikanske Citibank. Det skulle seinare vise seg å slå positivt ut og vere ei lita draghjelp til jobben med å få erstatning for tapa.

SJOKK OG RASERI

Arnar Kjelkenes melde kommunen til politiet då det viste seg at tap på finansielle derivat, rentebytteavtaler, i september hadde auka tapa med 39,7 millionar i 2010.

Det er ein skandale i seg sjølv korleis finanskjeltringane har fare fram, fått ut sine millionar, slått seg konkurs og klart å gå klar alt ansvar. 

Arnar Kjelkenes

FYLKESMANNEN VARSLA NY LOVLEGKONTROLL

Fylkesmannen varsla ny lovlegkontroll i media, etter at rådmannen hadde informert dei om den negative utviklinga.

Det er berre ekspertar som kan forklare kva derivata betyr. Det er for komplekst og ikkje noko eg kan gje meg ut på.

Rådmann Tom Joensen

SVIMLANDE BELØP

Konsulentane i Gabler og Wassum rekna ut at Bremanger kommune til saman hadde sett 828 millionar i framtidige inntekter i spel

Når kommunen oppdaga eit tap, tilrådde Terra Securities å handle inn nye finansielle derivat for å få nye kortsiktige inntekter på 10-13 millionar, og gambla på at renta ville gå rett veg. Ein vart etter kvart kreative på å dekke inn tapa kvart år, der ein skifta frå flytande til fast rente og batt seg opp for lengre og lengre periodar.

Konsulent Lasse Sørensen i Gabler Wassum AS

Konkursbuet etter Terra Securities går dette året til rettssak mot amerikanske Citibank, som hadde konstruert dei komplekse finansielle pakkane.

2011

Satsing på vindkraft gav håp om nye inntekter til kommunen og i 2011 gjekk kommunestyret inn for å gje Sogn og Fjordane Energi løyve til å starte med vindkraft på Bremangerlandet. Politikarane godkjende også etter kvart planane for Hennøy vindkraftanlegg og Guleslettene.

Den nye 420 kV-linja gjennom Bremanger er også venta å gje kjærkomne nye skatteinntekter.

2012

KLARER IKKJE NEDBETALINGSPLAN

Etter å ha konstatert 30,5 millionar i nye tap på derivatavtalar med irske Depfa Bank og Fokus Bank (seinare Danske Bank) , innser kommuneleiinga at dei ikkje greier å dekke inn Terra-gjelda som planlagt.

VERDIAR VARIERER FRÅ MÅNAD TIL MÅNAD

Derivatavtalane, som er spekulasjon i framtidig rentenivå, variere mykje i verdi.

FORHANDLINGAR MED BANKANE

Det blir jobba med å avslutte avtalane med Depfa Bank og Danske Bank.

2013

Endeleg kjem dei første lyspunkta på vegen ut av Terra-knipa.

Irske Depfa Bank går med på eit forlik med Bremanger kommune og derivatavtalen blir nulla ut.

Danske Bank er ikkje interessert i det og tvisten endar i rettssalen. Bremanger kommune vinn rettsaka i tingretten, men saka blir anka til lagmannsretten.

2014

Innføring av eigedomsskatt på private bustader og hytter er no ikkje til å unngå.

Det same året dukkar det opp eit nytt lyspunkt og håp ved at Sogn og Fjordane Energi (SFE) er aktuelle for å kjøpe kraftverka Svelgen 1 og 2. Det er ein bytehandel mellom Statkraft og SFE der kommunen har krav på millionar ved eit heimfall til staten.

Bremanger-rådmannen, politikarar og folket kan no glede seg over nye sjansar til å redusere gjeldsbyrda.

TAPER I USA

Konkursbuet etter Terra Securities taper rettsaka i New York.

DOMMEN GIR OGSÅ HÅP

Dommen slår fast at Terra Securities har handla mot god forretningsskikk og har helde viktig informasjon skjult for kundane. Det kan gje forsikringsutbetalingar seinare. 

Sal av kraftverka Svelgen 1 og 2 gir kommunen 174 millionar kroner.

Salet av Svelgen 1 og 2 gjer 2014 til eit spesielt år. Kommunen kan dekke det akkumulerte Terra-tapet og i tillegg få avsetning på disposisjonsfond.

Tom Joensen til Firdaposten

Men så enkelt var det ikkje.

Fylkesmannen slår fast at kompensasjonen på 174 millionar for framtidige tapte heimfallsinntekter ikkje kan brukast til nedbetaling av gjeld, men berre til investeringar.

2015

Kommunen avviser å vere med på Solberg-regjeringa si kommunereform med samanslåing med andre kommunar. Dette året gav Bremanger dei første konkrete gevinstane i arbeidet med å redusere Terra-gjelda.

Forliket med den norske storbanken DNB betyr at Terra-kommunane ikkje skal betale tilbake heile gjelda på 1,3 mrd. kroner, men berre 650 millionar.

Det betyr at Bremanger kommune får redusert si Terra-gjeld med 100 millionar kroner.

Optimismen er til å ta og føle på då kommunen også vinn rettsaka mot Danske Bank i lagmannnsretten.

2016- HØGSTERETT GIR DANSKE BANK MEDHALD

Høgsterett gir Danske Bank medhald i at derivatavtalen er gyldig. Retten peikar på kommunen har reagert alt for seint og at Danske Bank ikkje kunne vite om dokumentforfalskning på kommunen si side.

AVTALEN GÅR FRAM TIL 2036

Gjeldssaldoen er i 2016 på 130 millionar kroner.

RENTENIVÅ

Stigande rentenivå vil slå positivt ut og redusere tapa for Bremanger kommune.

FEKK 15 MILLIONAR FRÅ FORSIKRINGSSELSKAP

I ei rettssak mot forsikringeselskapet ACE, får Bremanger 15 millionar kroner for finansmeklarane sitt erstatningsansvar. 

GLEDENS DAG I MARS 2016

Kapital frå salet av kraftstasjonane Svelgen 1 og 2 blir brukt til å bygging av nytt omsorgssenter i Svelgen. Det er også del av opprustinga og det estetiske løftet i kommunesenteret. 

RUSTAR SEG FOR ELDREBØLGJA

Trass ein tøff prosess med å redusere Terra-gjeld greier Bremanger å vere betre rusta for eldrebølgja enn mange andre kommunar.

ESTETISK LØFT

Plasseringa og bygginga av det nye omsorgsenteret i sentrum er også ein del av jobben med å ruste opp og gjere kommunesenteret meir attraktivt.

2017 og 2018

I desse åra slit kommunen seg over den aller verste kneika i Terra-krisa.

Samstundes ønsker Solberg-regjeringa å redusere kommunane sine inntekter frå eigedomsskatt på verk og bruk. Målet ser ut til å vere å få flest mogleg pengestraumar inn til statskassa for så skjønnsmessig å dele ut att til kommunane.

Mange lokalsamfunn skaper enorme verdiar for staten ved å stille til rådvelde areal for industri. Då burde det komme lokalsamfunna til gode.

Tom Joensen til Firdaposten

Konkursbuet etter Terra Securities betaler i 2017 ut 23,5 millionar kroner til kommunen.

I 2018 fekk Bremanger etter endå ei rettssak tilkjent 14 millionar kroner i erstatning frå selskapet AIG. Det gjaldt dagleg leiar i Terra Securities sitt ansvar.

Fylkesmannen fører framleis kontroll med Bremanger og godkjenner alle investeringar. Dei ville ikkje godkjenne budsjett og økonomiplan for 2018-2022. Kommunen gjorde eit grep med å selje og flytte SFE-aksjane inn eit eige aksjeselskap, Bremanger Eigedom, for å finne midlar til å balansere budsjett og drift. Med Terra-saka i bakhovudet fekk dette politikar Leo Cirotzki til å be om forskringar om at det var lovleg.

Dei neste åra blir dei årlege beløpa som skal tilbakebetalast på gjelda meir til å leve med.

GRØNT LYS I 2022

Fylkesmannen, no statsforvaltaren, har godkjent rekneskapen for 2021 og den akkumulerte Terra-gjelda er no nedbetalt. 

UT AV ROBEK

Bremanger er no ute av Robek-registeret og statleg kontroll med investeringar. 

HAR VUNNE TILBAKE OVER 150 MILLIONAR TIL SAMAN

I tillegg til 30 millionar i skjønsmidlar frå staten, har Bremanger fått tilbake dette:

1) 100 millionar etter forlik med DNB
2) 15 millionar i forskringssum for meklarane sitt ansvar
3) 25,5 millionar frå konkursbuet til Terra Securities
4) 14 millionar i forsikringssum for dagleg leiar i Terra Securities sitt ansvar

MEN SISTE TERRA-DERIVAT RULLAR VIDARE

2036 er sluttåret for derivatavtalen med Danske Bank. Tapa er bokført og teke høgde for.  Med stigande rentenivå, som i 2021, vil dei berekna tapa bli mindre enn berekna.