Gå til sidens hovedinnhold

Den første sprengsalva til skipstunnelen kan kome i slutten av 2021

Onsdag var det møte mellom kommunane Vanylven, Stad og Kinn, Kystverktet og Måløy Vekst og Vanylven Utvikling. Temaet var oppstarten knytt til tunnelarbeidet.

I 2021 vil det bli mykje planlegging rundt Stad skipstunnel, og dersom alt går etter planen vil den første sprengsalva kome på slutten av året. Det melder kommunedirektør Terje Heggheim i sitt fredagsbrev. Etter planen vil tunnelen vere open for trafikk i 2025 eller 2026.

Heggheim meldar at det vil bli enorme mengder med steinmasse tilgjengeleg, og at Kinn allereie har spelt inn ni aktuelle lokasjonar kor det er behov for masse. Denne kartlegginga er ikkje ferdig, og det kan kome fleire lokasjonar i tida som kjem.

Det vil vere viktig for kommunane å utvikle samferdseltilbodet når tunnelen står klar. Kinn kommune spelte difor inn at ein alt no startar arbeidet med å planlegge for at sambandet vert utvida nordover til og frå Ålesund.

Vidare meldas det at det vil vere viktig å kople på dei to aktuelle fylkeskommunane, spesielt Vestland som i desse dagas arbeider med det nye båtruteanbodet som skal gjelde fram til 2036. Dette vil bli spesielt følgt opp.

Det meldast også at ordførarane vil avtale nye møter.

Kommentarer til denne saken