Gå til sidens hovedinnhold

Delar av Vestlandet er utan mobil- og breibandsdekning

Sju vestlandskommunar er ramma av eit stort kabelbrot hos Telenor. Det har ført til at kommunane er utan mobil- og breibandsdekning.

Til saman er det to dekningsbrot, skriv NRK.

– Det eine er ganske stort. Truleg har vi eit brot i Lønavatnet utanfor Voss, og fleire basestasjonar er slått ut.

Kommunane Stranda, Kinn, Voss, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen er ramma. Det er førebels ikkje kjent kor mange abonnentar som er ramma.

I tillegg til brotet i Lønavatnet, er det òg brot i ein sjøkabel nær Måløy.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken