Denne helga er det fylkesårsmøte i Vestland Høgre, og partiet skal diskutere kva politikk dei skal gå til val på. Allereie no seglar fritt skuleval fram som den viktigaste valkampsaka for partiet i Vestland. Det skriv Høgre i ei pressemelding.
– I 2020 fjerna Arbeidarpartiet fridommen elevane hadde til å velje skule sjølve. Resultatet er at færre kjem inn på førstevalet sitt, noko som har store konsekvensar for den enkelte. Det er på tide å gi elevane fridommen tilbake, seier Silje Ekeland Bjørkly.
Ho er Vestland Høgre sin fylkesordførarkandidat.
Partileiar Erna Solberg meiner fritt skuleval gir elevane meir fridom, og er ein betre modell for elevane.
– Vi har sett døme på kor uheldig nærskulemodellen slår ut for fleire elevar i Vestland. Det at elevane sjølv får velje kva for ein vidaregåande skule dei skal gå på er ei viktig sak for Høgre, seier ho.
Bjørkly hevdar at Ap sin nærskuleordning ikkje fungerer.
– Arbeidarpartiet må støtt og stadig lage unntak i sin eigen modell fordi han ikkje fungerer. Siste tilfelle er frå Modalen der elevane og FAU reagerer på at elevane ikkje får gå på skule der dei sjølv ønskjer. Slik kan vi ikkje ha det.
Partiet går no til val med samferdsle og skule høgst på prioriteringslista.
– Fylkestingsprogrammet vårt skal skissera løysingar på dei utfordringane vi står ovanfor dei neste åra i Vestland. Men urolege tider krev også styringsparti som evnar å prioritere, derfor seier vi at vi skal prioritere fylkesveg og skule høgast, seier Bjørkly.

Marthe og Aurora leiar russen sin aksjon: – Florøfolk, bli med!

Natthida (19) og Martin (19) er på veg til NM for kokkelærlingar. Og du kan hjelpe dei på veg
