Forslaga kjem som innspel til folkehelsemeldinga til regjeringa, skriv Aftenposten.

I Noreg var det lenge særavgifter på sukkerhaldige varer gjennom avgift på hushaldssukker, alkoholfrie drikkevarer og sjokolade- og sukkervarer.

I 2021 vart både avgifta på sjokolade- og sukkervarer og avgifta på alkoholfrie drikkevarer fjerna. Avgifta vart berre behalden på sukker, melis, kandissukker, sukkerbitar og perlesukker.

I høyringsrunden ber både Nasjonalforeningen for folkehelsen, Landsforeningen for hjarte- og lungesjuke, Kreftforeningen, Diabetesforbundet og Tannlegeforeningen og dessutan Forbrukarrådet om at sukkeravgifta blir gjeninnført på matvarer.

NHO Mat og drikke og Bryggeri- og drikkevareforeininga er blant dei som ikkje ønskjer dette.

(©NPK)