På kvelden torsdag 20. oktober slår Iver Senneset, Oliver Igland og kameratgjengen i Oddny an tonen i ein heilt unik konsertsal.

Den ligg i andre etasje i den eldste delen av bygningsmassen til det som no er Iglandsvik Næringpark. Det var i si tid eit lite privilegium å jobbe på kasseloftet, sidan arbeidarane her i motsetning til gjengen på golvet i første etasje, kunne gå tørrskodde på eit tregolv og hadde det lunt og godt. På 60-talet gjekk det mest i spikring av fiskekasser, men etter kvart vart stifting av pappkartongar hovudgeskjeften på kasseloftet.

– Vi arrangerer konserten for å skaffe midlar til at Oddny kan få spele inn musikken sin i eit lydstudio. Det skal også produserast ein promo-video frå denne konserten i desse historiske omgjevnadene, fortel primus promotor Roger Igland. I denne samanheng med to hattar, både som far og som eldsjel bak konsertaktiviteten i Musikk-Kafe i Bremanger.

Bak det solide kvinnenamnet Oddny, finn du fire unge karar som bur i eksil i Oslo/Bergen.

Tre av dei spelte i lag i Bremanger-bandet Silo,, som i 2017 vann ein konkurranse om å bli årets unge band i Norsk Bluesunion. Gitarist, låtskrivar og songar Iver Senneset, trommis Oliver Igland og bassist Galek Bartek frå Førde. Med seg i det nye bandprosjektet har dei fått med seg keyboardist Edvard Røgeberg frå Sandane.

Iver Senneset skriv tekstar på klingande bremanger-dialekt og bandet arrangerer låtane i fellesskap. No har dei mykje godsaker på lager som dei ønskjer å dele med omverda. Billettinntektene frå konserten går uavkorta til Oddny, som skal bruke pengane til arbeid i lydstudio.

Bremanger-bandet Oddny går i fotspora til kjende dialektrockarar. Så gjenstår å sjå kor langt dei kan gå.

Bildeserie

Sjå bilda: Fiskeri i Bremanger på 90-talet