– Dei negative konsekvensane vil følgje oss i mange år

STYRET I SOGN OG FJORDANE NÆRINGSRÅD: Frå venstreJon B Nesje, dagleg leiar Bjørn Lødemel, Elin Tveit Sveen, Geir Arne Solheim, styreleiar Yngve Hallèn, Jannet Aksnes, Leif Arne Åsen og Tore Bråstad.

STYRET I SOGN OG FJORDANE NÆRINGSRÅD: Frå venstreJon B Nesje, dagleg leiar Bjørn Lødemel, Elin Tveit Sveen, Geir Arne Solheim, styreleiar Yngve Hallèn, Jannet Aksnes, Leif Arne Åsen og Tore Bråstad. Foto:

Koronakrisa skapar utryggheit for næringslivet i Sogn og Fjordane.

DEL

Debatt: Sogn og Fjordane Næringsråd har under koronakrisa jobba målretta for å redusere skadeverknadane for næringslivet. Saman med andre har vi vore aktive både i kartlegging av konsekvensar og kontakt inn mot sentrale styresmakter. Koronakrisa var også hovudsaka på Generalforsamlinga vår 17. juni der sjefsøkonom i Sparebank1 Elisabeth Holvik frå ekspertutvalet «Norge mot 2025» hadde innleiing.

Dei negative økonomiske konsekvensane vil følgje oss i mange år. Særleg gjeld dette reiselivet og dei eksport-retta næringane. Den oppblomstringa av smitte som har skjedd etter sommaren syner tydeleg at vi ikkje på nokon måte er over krisa og at det vil bli ein krevjande situasjon i lang tid framover. Sjølv om det er ei positiv utvikling i nokre næringar som til dømes varehandelen er det framleis svært usikkert korleis utviklinga vil bli. Det er framleis stort behov for økonomisk støtte til mange næringar. Sogn og Fjordane Næringsråd peikar difor på nokre viktige tiltak.

- Sikre likviditet til lønsame bedrifter.

- Oppretthalde og vidareutvikle kompetanse i bedriftene.

- Marknadstilpassing. Til dømes innan reiselivet.

- Nøkkelstillingar i ei bedrift må definerast som faste kostnader.

- Rask avklaring på vidareføringa av viktige økonomiske støtteordningar.

- Kontinuerleg oppdatering av kunnskapsgrunnlag og tilpassing av støtteordningar.

- Skatteregime som sikrar vekstkraft.

- Framskunde bygging av viktig infrastruktur. Samferdsle m.m.

For den totale samfunnsøkonomien er koronakrisa også svært urovekkande. Det har vore heilt nødvendig og avgjerande å bruke mykje «oljepengar» for å kunne sett inn omfattande økonomiske tiltak for å redusere skadeverknadane, men dette kan ikkje halde fram over tid. Både koronakrisa og fallet i oljepris har sett staten sine inntekter under press og det har over lenger tid blitt gjort forsøk på å få inn «nye» skattekroner til staten. Døme på dette er ny kraftskatt og havbruksskatt. Dette har ført til sterk motstand frå desse næringane og forslaga har så blitt avvist av regjeringa.

Næringslivet skal skape verdiane som skal finansiere framtidig velferd og då er gode og stabile framtidige rammevilkår for næringslivet heilt avgjerande. Koronakrisa og fallet i oljepris har gjort at det er stort behov for å sjå på staten sine utgifter og inntekter. Det er i denne samanheng viktig for Sogn og Fjordane Næringsråd at vårt næringsliv sitt behov blir vektlagt i dei endringane som vil kome. Det blir også heilt avgjerande å få fram kor viktig næringslivet i distrikta er for den totale verdiskapinga i landet vårt. Sogn og Fjordane Næringsråd sine innspel er mellom anna:

- Meir verdiskapingsinsentiv i overføringane frå staten.

- Følgje pengestraumane i samfunnet for strengare prioritering.

- Synleggjere at den viktigaste verdiskapinga skjer i distrikta.

- Avvikle formueskatten og gå over til skattlegging av overskot.

- Teste ut ulike skattemodellar og prøve ut i enkelte kommunar.

- Betre samarbeid mellom næringslivet og staten når nye skattar/avgifter skal utgreiast.

Sogn og Fjordane Næringsråd skal vere ein aktiv part i utforminga av framtidas skatteregime for næringslivet i Sogn og Fjordane slik vi har vore det både i spørsmålet om ny kraftskatt og havbruksskatt. Vi skal vise kor viktig rolle næringslivet vårt spelar i nasjonal verdiskaping og kor viktig det er at dette næringslivet får gode rammevilkår for vidare vekst og auka verdiskaping.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken